Sentrum

Føresvik - Klikk for stort bileteFøresvik

Føresvik er sentrum og administrasjonssenteret i Bokn, og her finn du samla både bank, post, helsestell, bibliotek, kino, kommunale- og statlege kontor, skule, barnehage, bustadfelt, idrettsanlegg, butikk, gjestehamn og plastindustri.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 26.03.2015

Det er daglege bussavgangar til og frå Føresvik, via  Aksdal og Haugesund. Det bur om lag 200 menneske i Føresvik.

Namnet ”Føresvik” kjem av av det gamalnorske fyri som tyder eit område som blir tørrlagt ved fjøre sjø. Føresvik tyder altså vika der mykje av stranda blir tørragt ved fjøre sjø.

Føresvik er ein av dei eldste husmannsplassane på Bokn og låg under garden Sæbø. Staden var busett alt på 1600-talet og blei gjestgjevarstad kring 1660. Dette var siste staden reisande kunne ta inn før dei kryssa fjorden og den fyrste staden for dei som kom frå sør. Føresvik var ein sentral stad for distriktet gjennom heile 1700- og 1800-talet.

Det har vore handel i Føresvik, eller ”Vigjå”, heilt sidan 1790, og på midten av 1860-talet blei det også oppretta postopneri her. I tillegg har det vore både hermetikkfabrikk, sildesalteri, sildoljefabrikk, krabbefabrikk, smed, frisør, kafféar, snekkar- og møbelverkstad, skipsekspedisjon, meieri og telefonsentral på ”Holmen” i Føresvik.

Sidan ”D/S Ryfylke”, det fyrste ruteskipet i Noreg, la turen innom Føresvik på sjølve jomfruturen i 1855, har Føresvik vore stoppestad for rutebåtar. Nattruta hadde også faste anløp av Føresvik til ho blei lagt ned i 1974.

Komponisthytta til Edvard Grieg låg like sør for Føresvik og blei brukt som hønsehus på Heimdal-garden. Hytta står nå ved Ullensvang Hotell i Hardanger.

 

 

Login for redigering