Kvardagsrehabilitering

1. Kva tilbyr me?
Kvardagsrehabilitering er eit tilbod som inneber trening og støtte for å meistre kvardagen betre. Det er eit tidsavgrensa tilbod, ofte over 6 veker. Du vil få tilbod om trening opptil 4 gonger i veka. Treninga skjer i heimen og nærområdet ditt, og fokuset er på dei daglege gjeremåla du ynskjer å meistre.
Målet med treninga er at du skal ha ein aktiv kvardag i eige liv. DU sett deg mål for kva DU syns er viktig å meistre i DIN kvardag.
Eksempel på trening: Lage middag, gå tur, balansetrening, dusje utan hjelp, gå på butikken mm.
Ved behov kan me også kartlegge hjelpemiddelbehov og gje råd om enkel tilrettelegging av bustad.

Kvardagsrehabiliteringsteamet består av sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og heimetrenerar (heimesjukepleie) som alle ynskjer å bidra til at du skal nå dei måla du har sett deg. Me tek utgangspunkt i «kva er viktig for deg?».

2. Kven kan få tilbodet?
Tilbodet er for deg som ynskjer å bli buande heime og klare deg best mogleg sjølv. 
•    Du har vanskar med å utføre daglege aktivitetar
•    Du vurderer å søke hjelp til daglege gjeremål
•    Du er over 65 år
•    Du har nyleg hatt eit funksjonsfall
•    Du er redd for å falle eller har fått dårlegare balanse?

For at du skal nå måla dine, krev det innsats frå deg. Det er viktig at du prøver å gjere aktivitetar på eigenhand, og ikkje tar i mot hjelp til gjeremål du eigentleg klarer sjølv. Dette er god trening, og er viktig for å oppretthalde funksjon og god helse.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Kommunal fysioterapeut    Irene Høyvik Jørgensen    
                                                 Telefon: 901 13 267
                                                 E-post: irene.hoivik.jorgensen@bokn.kommune.no
                                                 Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
                                                 Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Er du interessert i tilbodet eller lurer på om dette er noko for deg? Ta kontakt for ein uforpliktande samtale med ein av oss i kvardagsrehabiliteringsteamet!
Om det er stor pågang blir du satt på venteliste og vil bli kontakta så snart det er kapasitet.  
Søk om kvardagsrehabilitering

5. Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.

6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Temahefte hverdagsrehabilitering
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator