Me kan tilby

Målsetjing

Fritidskontakt er ei teneste til born, unge, vaksne eller eldre som treng støtte og hjelp til deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Fokus er å bryte isolasjon ved at menneske kjem seg ut av heimen på ulike sosiale, kulturelle eller fysiske aktivitetar. I tillegg får dei byggje nettverk og prøve ut nye aktivitetar. Tilbodet skal hjelpe den som treng det å bli meir trygg på seg sjølv, takle ulike livssituasjonar betre og omgås andre menneske i større grad.

Me kan tilby

Alle over 18 år kan vere fritidskontakt. Det er ingen krav til formell utdanning, men me ynskjer personar som er positive og interesserte i å hjelpa andre i kvardag og fritid. Du må vere påliteleg og like å arbeide med menneske. Kommunen treng personar med ulike interesser og hobbyar. Det er også viktig at du kan setje deg inn i kva behov den einskilde brukaren har.

Det er krav til politiattest.

Alle fritidskontaktar har teieplikt. Teieplikta gjeld ikkje overfor barnevernstenesta eller oppdragsgjevar.

Oppdrag som fritidskontakt vil variere i omfang.

Fritidskontaktar får timegodtgjering av kommunen og dekning av andre utgifter etter avtale. Som fritidskontakt er du oppdragstakar, og har ikkje dei same rettane som vanlege tilsette har. Du får ikkje sjukepenger, og du kan ikkje nytte eigenmelding dersom du er sjuk. Du kan ta ferie, men vil ikkje få utbetalt feriegodtgjering i tillegg til timeløn.

Som fritidskontakt vil du få eigen kontaktperson i kommunen. Namnet på denne står i oppdragsavtalen.

Alkohol og andre rusmiddel skal ikkje nyttast i samvær med deltakar.