Om Bokn legekontor

Om oss

Bokn legekontor er eit moderne utstyrt legekontor som utføre alle vanlege prosedyrer. Vi er  godkjent for petroleumsattestar (offshoreattester), sjømannslegeattestar, førerkortattestar, m.m.  Legekontoret er kommunalt med kommunalt tilsett lege og sjukepleiar og me tar imot pasientar 3 dager i veka. 

Tilsette

 

Anne Lise Nilsen, sjukepleiar

Ferdig utdanna omsorgsarbeidar i 1994 og sjukepleiar i 2004. Jobba i Bokn kommune sidan 1991, først som omsorgsarbeidar, sidan som sykepleiar. Har spesialkompetanse innan sårsjukepleie, og er spesielt opptatt av god oppfølging av pasientar med diabetes.

 

Jan Schille, lege

Jan er fastlege på Bokn. Han kjem frå Kvinnherad, studerte medisin i Bergen (2009). Han har arbeid på Bokn sidan 2012, er spesialist i allmennmedisin, og autorisert som offshore- og sjømannslege.