BPA

Brukarstyrt personleg assistanse er eit viktig bidrag til likeverd, likestilling og samfunnsdeltaking for personar med nedsett funksjonsevne og stort behov for bistand.

1. Kva tilbyr me?
Ordninga gir personar med funksjonshemming praktisk bistand til å gjera ting som andre kan gjera sjølv: 
-    kle på seg  
-    gjere husarbeid
-    komme seg til skule og arbeidsplass
-    handle og lage mat
-    vere saman med venner og familie 
-    engasjere seg i samfunnet
Det er brukaren sjølv, eventuelt med bistand, som organiserer og leier arbeidet assistentane utfører. Ved BPA er det eit krav at arbeidsleiarrolla blir forsvarleg teken hand om.

2. Kven kan få tilbodet?
Du må:
-     vere under 67 år
-    ha behov for bistand ut over 2 år og meir enn 32 timer per veke 
Du kan ha rett på BPA:
-    dersom hjelpebehovet ditt er mellom 25 og 32 timar per veke, og kommunen din ikkje kan dokumentere at BPA vil vere dyrare enn andre tenestetilbod 
-    etter at du har fylt 67 år dersom du har fått hjelpa organisert som BPA før du fylte 67 år
-    dersom du har foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne

3. Korleis få tilbodet?
Koordinerande eining i kommunen kartlegg behovet ditt for tenester. Saman med deg skal eininga vurdere om hjelpa skal vere tilbod om tenester i form av BPA.

Kontaktinformasjon:

Koordinerande eining     Anne Grethe Amdal Osvåg    
                                            Telefon: 468 61 866
                                            E-post: annosv@bokn.kommune.no
                                            Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                            Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Søk om BPA

5. Kva kostar det?
Det kostar det same å ha BPA som om du hadde hatt vedtak om praktisk hjelp i heimen. Kommunen kan krevja at du betaler eigendel for praktisk hjelp, som ikkje er til personleg stell og eigenomsorg.
Kor mykje eigendel du må betala, kjem an på kor mange timar du har fått innvilga til desse oppgåvene og inntektene dine.

6. Klage 
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) - Helsenorge

7. Lover og reglar 
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) - Helsenorge
Opplæringshåndbok brukerstyrt personlig assistanse BPA