1. Kva tilbyr me?
Bokn legekontor har ope 3 dagar i veka. Kontoret er bemanna med kommunalt tilsett lege og sjukepleiar.
Kontoret utfører alle vanlege prosedyrar, i tillegg til:
- Petroleumsattestar (offshoreattest)
- Sjømannslegeattestar
- Førarkortattestar
Ved planlagd stenging av kontoret (feriar og kurs) vil telefonsvarar og oppslag informere om kven som er vikar, eller om du må kontakte legevakt. Me freistar å annonsera stenging av legekontoret i god tid slik at du som treng å ordne reseptar, sjukemelding, attestar m.m. kan få gjort det her.
Me ber om at vikarordninga berre vert brukt for det som ikkje kan venta til Bokn legekontor er ope igjen.
2. Kven kan få tilbodet?
Du som står på fastlegelista til Bokn legekontor.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Bokn legekontor Telefon: 52 75 25 40
Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Boknatun, 2.etg ved helsestasjonen
Opningstid: tysdag, onsdag og fredag kl. 08.00 – 15.00
Telefontid: tysdag, onsdag og fredag kl. 09.00 – 11.00 og kl. 13.00 – 14.00
4. Slik søkjer du
Du kan bestille time
o på nett: http://helserespons.no/web/bokn/internettbestilling/
o på telefon 52 75 25 40
o ved personleg oppmøte
o på SMS: Skriv "BOKN" + navnet ditt + fødselsdatoen din og grad av hast og send meldinga til 2097. Ei slik melding kan sjå sånn ut: BOKN Ola Hansen 0405190 ønsker time gjerne i neste uke
Via vår SMS-teneste kan du bestille time eller ny resept heile døgnet. Er du sjuk og treng sjukmelding vil ein SMS dokumentere kva dag du tok kontakt dersom legekontoret ikkje er opent den dagen. Vi svarar på bestillinga di første arbeidsdag!
5. Kva kostar det?
Du må betale eigenandel når du går til lege.
Egenandel hos lege - Helsenorge
6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Fastlegeordningen - regjeringen.no
Pasientrettigheter i fastlegeordningen - Helsedirektoratet