1. Kva tilbyr me?
Som pasient har ein mange rettar. Pasientrettane er i hovudsak regulert av pasient - og brukarrettslova. Lova gir reglar om forholdet mellom pasient og helseteneste/helsepersonell og set fokus på pasienten og behovet til pasienten.
Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å vareta behovet, interessene og rettstryggleiken til pasienten/brukaren, i tillegg til å betra kvaliteten i helse- og omsorgstenesta.
Me hjelper pasientar/brukarar og pårørande med råd, rettleiing og bistand i møte med helsetenesta. Du kan vera anonym når du tek kontakt med oss.
Slik kan me hjelpa deg:
- Me avklarar og svarer på generelle spørsmål om helsetenester
- Me tek imot informasjon om opplevingar du har hatt i møte med helsetenesta
- Me gir råd og rettleiing om rettane dine
- Me informerer om framgangsmåte ved søknad og klage, og kan hjelpa deg med å skriva klage
- Me kan møta helsepersonell og saksbehandlarar saman med deg for å få svar på spørsmål om saka di
- Me forklarer deg kva du kan gjera om du har fått ein pasientskade
- Me informerer om kvar du kan gå vidare
Me vurderer kva hjelp me kan gi i kvar enkelt sak. Arbeidsområdet vårt omfattar statlege spesialisthelsetenester, fylkeskommunale tannhelsetenester og kommunale helse- og omsorgstenester.
2. Kven kan få tilbodet?
Dersom du opplever at du sjølv eller ein av dine næraste ikkje fekk den helsehjelpa de trong, kan du kontakte Pasient- og brukarombodet for å få informasjon om rettane dine i helse- og omsorgstenesta.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Pasient- og brukarombodet i Rogaland
Telefon: 953 35 050
E-post: rogaland@pasientogbrukerombudet.no
Kontortid: måndag – fredag kl. 09.00 – 11.00 og 11.30 – 14.30
4. Slik søkjer du
Du treng ikkje tilvising, og kan sjølv sende sikker melding til Pasient- og brukerombudet.
5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
6. Klage
Klage skal vere skriftleg og sendast til tenesta/tenestestaden du vil klage på. Du kan også sende klage til statsforvaltaren.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Rett til å klage - Helsenorge
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
Rettigheter - Helsenorge