TT-kort

1. Kva tilbyr me?
TT-kort er er eit personleg betalingskort for drosje for deg som er ute av stand til å reisa med kollektivtransport på grunn av ei varig funksjonsnedsetjing.
TT-ordninga gjeld for fritidsreiser og kan nyttast over heile landet. Sjøtransport er ikkje omfatta av transportordninga.

2. Kven kan få tilbodet?
For å bli godkjent som TT-brukar må du dokumentera nedsett mobilitet, og at du ikkje kan nytta eller har store vanskar med å nytta ordinær kollektivtransport. Tilbodet gjeld også funksjonshemma med særleg behov for hjelp til/frå kollektive transportmiddel. 
Det er helsetilstanden din som er avgjerande. TT-ordninga skal ikkje kompensera for avgrensa busstilbod, lang veg til busshaldeplass, eller problem med å bera varer frå butikken. Reiser som blir dekte på andre måtar (skule- og arbeidsreiser, sjuketransport) inngår ikkje i ordninga.
For å bli godkjent TT-brukar må du i tillegg oppfylla følgjande vilkår:
•    du må vera busett i Rogaland fylke
•    du må vera 6 år eller eldre
•    du må ha ei funksjonshemming med diagnose som varer over eitt år. 
      Funksjonshemminga kan ha fysiske eller psykiske årsaker.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Rogaland fylkeskommune     Marthe Bjørnsen-Vareberg
                                                    Telefon: 51 92 12 77
                                                    E-post: marthe.bjornsen-vareberg@rogfk.no

4. Slik søkjer du
For å søkja om å bli godkjend bruker av TT-ordninga må du senda inn søknadsskjema med vedlagt legeerklæring.
Søk om TT - kort
Send søknad til:     Rogaland fylkeskommune v/ Samferdselsavdelingen
                                 Postboks 130
                                 4001 Stavanger

5. Kva kostar det?
TT-kortet er gratis. Tildelingssummen på kortet kan variere. 
Eigendelen er 20 % av prisen på reisa.

6. Klage
Klage på avslag om TT-kort sender du per post til: Rogaland fylkeskommune v/Samferdselsavdelingen
                                                                                         Postboks 130
                                                                                         4001 Stavanger
Klagebehandlinga kan ta 2-4 månader.

7. Lover og reglar
TT-kort (tilrettelagt transport) - Rogaland fylkeskommune (rogfk.no) 
TT-kort - Helsenorge 

 

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)