210.000 til TV-aksjonen

Jardar Havikbotn Bokn har aldri gitt så mykje pengar til TV-aksjonen som i år. Nøyaktig 210.120 kr. er den nye rekorden på. Den førre på 206.716 kr. var frå 2014, då aksjonen gjekk til Kirkens Nødhjelp. Den gong var bøssebeløpet på utrulege 117.155 mot årets 71.367. Dette fortel om ei endring mot eit kontantlaust samfunn der folk i innsamlingssamanheng nyttar seg meir av alternative måtar å gi på. Med nesten 250 kr. pr. innbyggar er Bokn nr. fire blant landets mest gavmilde kommunar, bak Svalbard, Utsira og Træna.

Mange gåver

I år kunne varaordførar Lars Sigmund Alvestad fortella om ei fantastisk Gåveoversiktgivarglede på ringestafetten på Sjøfartsdirektoratet i aksjonsveka. Det blei sett ein solid rekord her, då lokalt næringsliv og organisasjonar til saman gav nærmare 50.000 kr. Dette er omtrent dobbelt så mykje som i fjor. I tillegg utgjer skulebasaren kvart år ei stor gåve.

Stort engasjement

Årets TV-aksjon, med eit landsresultat på over 244 millionar kr., engasjerte ekstra mange boknarar i år. Bøsseberarane i Bokn var klare før oktober starta (me endte faktisk opp med heile fire reservar på aksjonsdagen). Blant dei som gjekk med bøsse var Gudny Sæbø, Jørn Hansen og Hilde Louise S. Hansen, som alle jobbar hos Kirkens Bymisjon i Haugesund. Etter at jobben var gjort, uttrykte sistnemde stor takksemd til både bøsseberarar og givarar:

Engasjerte bøsseberarar, Jørn og Hilde Louise Hansen Jardar Havikbotn - Takk til alle som brukte av si tid til å samla saman til denne, for mange livsviktige organisasjonen. Stor givarglede bidrar til at fleire får muligheten til å bli inkluderte i felleskapet, varm mat og bli sett. Mange møter avsky i kvardagen sin. I Kirkens Bymisjon blir alle tatt godt i mot av folk som vil og kan hjelpa med mykje.

Ho er opptatt av at jobben ikkje sluttar med innsamlingsaksjonen.

- Eg håpar på eit samfunn der alle tar seg av alle. Kjøp Asfalt, sei hei når du får blikkontakt og ver raus med klemmane. "Mindre alene sammen". Fantastisk med stor givarglede og me kan vera stolte av at me er ein del av dette. Håpar me kan bli like flinke å sjå mennesket som me er til å opna lommeboka, seier Hilde Louise S. Hansen.

Aksjon i aksjonen

Kommunekomitéen vil takka Bianca Alvestad for godt samarbeid i samband med oransjeskjerf-aksjonen. Jardar Havikbotn Kirkens Bymisjon sin årlege oransjeskjerf-aksjon blei naturleg nok ein aksjon i aksjonen i år, og mange boknadamer blei med på strikkedugnaden. Bianca Alvestad, som tidlegare har jobba for Kirkens Bymisjon i Stavanger, kunne 10. oktober levera frå seg garnprodukt frå heile 222 nøster. Det blei også gitt ei pengegåve frå strikkeproduksjonen.


Les også: 
Årets strikkedugnad - oransjeskjerf 
Går så det susar!
Oransje haust!
Nærmar seg levering

Kommunekomitéen har bestått av ordførar Tormod Våga, Norunn Jordbrekk, Solrunn Alvestad og underteikna. Ordføraren vil takka alle som har bidratt til det fantastiske resultatet i samband med årets aksjon!