NAV Bokn

NAV-logo - Klikk for stort bilete

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 03.04.2017

NAV er Arbeids- og velferdsforvaltninga i Noreg. Gjennom NAV-kontoret samarbeider kommune og stat om tenestetilbodet til innbyggarane i kommunen.

Du finn svar på det aller meste på www.nav.no eller ved å logga deg inn på www.nav.no/DittNAV.

På nav.no:

  • får du tips og rettleiing om å søka jobb
  • finn du ledige stillingar
  • registrerar du deg som arbeidssøkar og sender meldekort
  • søker du om stønader, med skriftleg rettleiing mens du fyllar ut. Her får du også kvittering på at NAV har motteke di sak
  • endrar du kontonummer og personopplysningar, samt registrerar inntekt
  • sjekkar du utbetalingane dine
  • bereknar pensjon
  • finn du riktige telefonnummer
  • skriv du til oss på Ditt NAV. Her får du oversikt over dine spørsmål og svar frå NAV

Viss du ikkje finn svaret på nav.no eller ved å logga deg inn på www.nav.no/DittNAV eller du ønsker å avtale tid for samtale med NAV Bokn kan du ringe NAV på telefon 55 55 33 33.

Har du spørsmål om pensjon ringer du 55 55 33 34.

Du kan og chatta direkte med fagpersonar på foreldrepengar, barnetrygd , kontantstønad, økonomi eller om jobb i utlandet.

Login for redigering