Går så det susar!

Jardar Havikbotn Fleire og fleire vil vera med på årets strikkedugnad.

Bilde: Strikkar for eit varmare samfunn med eit varmt smil, fv. Åse Helen Alvestad, Norunn Jordbrekk, Ragnhild Ognøy og Gro Sørensen.

Denne hausten vil det gå mykje i oransje på møteplassane kor det blir strikka. Stadig fleire blir med på oppfordringa om å strikka skjerf i samband med årets TV-aksjon (Kirkens bymisjon). På Boknatun er fire damer allereie i gong i lunsjpausane, og nye har varsla at dei vil slutta seg til.

Les også:

Årets strikkedugnad – oransjeskjerf

Bestillingar

Tysdagskaféen på biblioteket vil også bli farga oransje utover i september. Dei som har bestilt garn vil få dette i morgon, tysdag 4. september. Biblioteket har også garn til to skjerf til, så då blir det «først til mølla». Det går sjølvsagt an å ta opp fleire bestillingar.