Me kan tilby

Frisklivssentralen er ei helsefremjande og førebyggande kommunal helseteneste.

Frisklivssentralen har tilbod om hjelp til å endre levevanar, primært innaføre områda fysisk aktivitet, psykisk helse, kosthald og snus/tobakk.

Målet er å fremje helse og førebygge sjukdom.

Tilbodet er til alle innbyggjarar i kommunen som ynskjer å endre levevanane sine. Tilbodet er særskilt retta mot dei med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, og som treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.

Basistilbodet ved frisklivssentralen er i fyrste rekkje tilbod om frisklivssamtale og råd og rettleiing både individuelt og i gruppe. I tillegg til konkrete kurs vert den enkelte oppfordra til å søkje kunnskap, råd og rettleiing via kvalitetssikra informasjonskanalar på internett (sjå under «Meir informasjon»)

Frisklivsssamtalen er individuell og blir brukt for å kartleggje den enkelte sine behov. Samtalen vert gjennomført før tilbodet tek til og i etterkant av gjennomført oppfølging.