Aktivitetskort for barn og unge
Bokn kommune har ordning med aktivitetskort. Kortet er eit opplevingskort for barn og unge (0-18 år) frå låginntektsfamiliar i Bokn kommune, og gir gratis tilgang til kultur- og fritidsaktivitetar på Haugalandet.
Kortet er personleg med namn og bilde. Det gir også fri tilgang for medhjelparar over 18 år, som er med barn frå 0-13 år.
Søknad
Kortet frå i fjor går ut 1. juli. Dei som har aktivitetskort, må søka på nytt i år. Trykk under for å søka:
Søknadsskjema
For å få aktivitetskort må forsørgar ha lågare inntekt, etter skatt, enn følgande:
Einsleg forsørgar med eitt barn
|
kr 308 800
|
Einsleg forsørgar med to barn
|
kr 380 100
|
Einsleg forsørgar med tre barn
|
kr 451 400
|
Par med eitt barn
|
kr 427 600
|
Par med to barn
|
kr 498 900
|
Par med tre barn
|
kr 570 200
|
Par med fire barn og over
|
kr 641 500
|
- Sheiken Bowling & Biljard Haugesund
- Tysvær og Karmøy kino
- Bading i Tysværtunet badeanlegg og Karmøyhallen
- Vikinggarden Avaldsnes (inkl. Vikingfestivalen)
- Nordvegen historiesenter
- Haugaland Zoo
- Alle arrangement i regi av Bokn kommune (inkl. Bygdekino)
Publisert avJardar Havikbotn
Publisert11.06.2021 11.27