Varm leveranse

Bianca Alvestad 10. oktober leverte Bianca Alvestad oransje garnprodukt frå 222 nøster til Kirkens Bymisjon i Stavanger. Kr. 1.600 frå strikkeproduksjonen går til årets TV-aksjon.

Eit fantastisk resultat! Jardar Havikbotn Kommunekomitéen for årets TV-aksjon er overvelda og takksame over den enorme responsen Oransjeskjerf-aksjonen har fått denne hausten. Det er også Bianca Alvestad, som på vegne av omsorgsfulle boknarar, stolt leverte frå seg 50 skjerf, tre luer, eit sjal, fem par pulsvarmarar og to par sokkar.

Hjartevarmt

Nokre timar før avreise kom det Oransjeskjerf-merkelappar i posten, som blei sydde på nokre av skjerfa. Mange skjerf var forresten pynta på førehand. Her gjekk hjartesymbolet igjen, alt frå hjarte som var strikka/sydde inn i produktet i forskjellige fasongar, til merke/merkelappar med tekstar som "Made with love", "Laget spesielt til deg" og "Til deg fra meg".

Pengegåve

I produksjonsperioden fekk me kjøpt inn garnnøster til redusert pris. Då alle strikkarane har betalt same pris for Bianca Alvestad syr på merkelappar. Jardar Havikbotn
nøstene, har det blitt pengar til overs. Desse utgjorde til saman kr. 1.600, som sjølvsagt blir gitt som gåve til TV-aksjonen.

Bianca Alvestad opplevde svært glade og rørte folk som tok i mot leveransen, og ho fekk med seg helsingar til alle dei fantastiske strikkarane på Bokn frå både Kirkens Bymisjon og fylkessekretariatet for TV-aksonen i Rogaland.