Oransje haust!

Jardar Havikbotn Rundt 150 oransje garnnøster er ute på bygda i samband med oransjeskjerf-aksjonen.

Bilde: Mannekeng Gro Sørensen konstaterer prima kvalitet på skjerf, lue og pulsvarmarar.

Talet er nok høgare, for mange har skaffa seg garn sjølv. Noko av garnet har allereie kome tilbake til kulturkontoret og biblioteket, i form av fine skjerf, luer og pulsvarmarar. Kommunekomitéen for TV-aksjonen er svært takksame for at så mange boknarar strikkar for eit varmare samfunn og støttar Kirkens Bymisjon sitt arbeid.

Les også:

Går så det susar!

Det er ein knapp månad til innleveringsfristen (12. oktober), og fleire garnleverandørar er midlertidig utselde. Folk som vil vera med bør ikkje venta for lenge med å skaffa seg garn. Kulturkontoret tar opp bestillingar til og med 21. september.