Årets strikkedugnad – oransjeskjerf

Jardar Havikbotn I samband med årets TV-aksjon (Kirkens Bymisjon) blir heile landet oppfordra til å strikka skjerf til gatas folk og andre som slit med liva sine.

Bilde: Bianca Alvestad er snart ferdig med eit oransjeskjerf til Kirkens Bymisjon.

 

16. oktober skal heile Noreg fargeleggast med heimestrikka, oransje skjerf. Skjerfa er Kirkens Bymisjon sitt symbol på eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Vil du vera med?

Det går med fire garnnøster til eit skjerf, og oppskrifta finn du på baksida av banderolen. På Haugalandet sel dei garnet på Europris, Raglamyr - Sparkjøp - Garnkroa og Perlestrikk, Karmøy.

Får du ikkje kjøpt det sjølv, kan du kjøpa det gjennom kulturkontoret. Her kan du også levera det ferdige skjerfet, for vidarelevering. Bianca Alvestad vil overrekka alle boknaskjerfa til Kirkens Bymisjon i ei levering, og det er difor viktig å halda seg til innleveringsfristen som er fredag 12. oktober kl. 12:00.

Oransje haust

Fleire på Boknatun og skulen er allereie i sving med strikkedugnaden. På bibliotekkaféen i dag kunne også biblioteksjefen ta opp mange bestillingar frå folk som vil vera med.