Støtte til næringslivet

Sjøbris Kafé opna 11. juni 2020. - Klikk for stort bileteSjøbris Kafé opna 11. juni 2020. Jardar Havikbotn Bokn kommune ønsker å ha eit variert og lønnsamt næringsliv i Bokn. Det gir både arbeidsplassar og inntekter, og tenester som boknarane set pris på, som Sjøbris Kafé i Føresvik.

Av ordførar Osmund Våga

Næringsfond

Difor har me eit næringsfond som kan dele ut støtte til bedrifter som startar opp eller foretar investeringar. I fjor fylte me på kr 500 000 til dette fondet frå overskot på rekneskapen, og vil vurdere å gjere det same i år om det er moglegheit til det.

I førre formannskapsmøte delte me ut støtte til to landbruksbedrifter, til bygging av sauehus og melkefjøs. Me ønsker lykke til, og håper dei snart kjem i gong med bygginga. Tidlegare har me støtta bl.a. Bokn sjømat, Sjøbris Kafé og Kystvind.

Koronamidlar

I fjor blei det delt ut ekstra koronamidlar for å få opp aktiviteten i næringslivet, og no er det annonsert støtte til dei som kan vise til tap i samband med Covid-19 - f.eks fall i omsetning eller kostnader til smittevern. Me har fått kr 250 000 frå staten til dette og oppfordrar folk til å søke:

Bokn kommune - Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

Drift av eige firma

Rogaland Ressurssenter og Bokn kommune inviterer alle på Bokn til ein kursserie innan drift av eige firma. Kommunen spanderer åtte kurs på alle som driv eller ønsker å drive verksemd på Bokn:

Kurs for næringsdrivande

Rogaland resurssenter driv også prosjektet «Opplev Bokn» for å auke aktivitet innan reiseliv.

Næringsforum

Ellers prøver kommunen å vere positiv til dei som prøver å få til noko, og det er lett å få kontakt med ordførar og rådmann for dei som ønsker det.

Det me har sakna her er eit næringsforum som kan diskutere aktuelle saker for næringslivet med kommunen. Tidlegare var det meir aktivitet på dette området, og eg vil oppmode bedriftene i Bokn om å få dette næringsforumet i gong igjen.

Minner også om at me nå går i gong med å rullere arealdelen av kommuneplanen, så dei bedrifter eller personar som ønsker å endre på kommuneplanen kan gi innspel til dette. Frist er 1.mai:

Arealplanarbeid