Arealplanarbeid

Snitt frå plankart. - Klikk for stort bileteSnitt frå plankart. abo-ark.no I kommunestyremøte 16. februar blei planprogram for revidering av deler av kommuneplanen sin arealdel vedteke.

Av ordførar Osmund Våga

Lenke til saka og planen:

Planprogram revidering av deler av arealdel

Mykje interessant å lese her for dei som er opptekne av framtida til Bokn.

Dette inneber at arbeidet med revisjonen skal avgrensast til fylgjande tema:

  • Bustadbygging
  • Næringsutvikling
  • Sentrumsutvikling
  • Tiltak for å auke folketalet

Det er sett ned fire grupper som skal arbeide med desse temaene.

Innspel

Me ynskjer difor å få innspel til dette planarbeidet. Innspela kan vere både generelle:

  • Kva ein ser behov for i kommunen, kva som kunne vere kjekt å få til, kva som kan gjere at folk ynskjer å bu i Bokn.


Eller konkrete:

  • At ein ynskjer å endre arealformål, f. eks. regulere eit areal til bustadbygging.

Innspel til endra arealbruk må innehalde dei opplysningane som går fram av kapittel 9* i planprogrammet og må sendast inn via dette skjemaet:

Innspel til endra arealbruk

Generelle innspel kan ein sende til post@bokn.kommune.no eller

Bokn kommune 
Boknatunvegen 37
5561 Bokn

Frist for innspel vert sett til 1. mai 2021.

9* Krav til innspel til planen

Kommunen ynskjer innspel frå grunneigarar, utbyggarar og andre for å finne fram til framtidige utbyggingsområde.

Forslag til nye utbyggingsområde og andre forslag til endra arealbruk skal sendast skriftleg pr. brev eller e-post til kommunen.

Forslaga bør som minimum innehalde fylgjande dokumentasjon:

  • Kartutsnitt som viser det aktuelle arealet, gateadresse, gards-og bruksnummer, arealavgrensing og storleik
  • Type areal som vert råka (skog, jordbruk, friområde) og forventa konflikt
  • Tilkomstløysingar og forventa trafikkmengde
  • Konsekvensar av forslaget når det gjeld miljø, påverknad på eksisterande bruk av området, transport, kollektivtrafikk, annan infrastruktur som skule, barnehage, vatn- og avlaup m.m.