Bokn kommune - Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

Klikk for stort bileteStøtte frå kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er spesielt råka av Covid-19 - 2. runde. Søknadsfrist 28. mai 2021.

Opprett ny søknad på støtteordning

Bokn kommune har fått tildelt kr 250 000 som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og hjelpa dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging,
  • Støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssentre for natur og verdensarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Bokn

Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging.

Vurdering av søknadar

Formannskapet i Bokn kommune behandlar dei innkomne søknadene etter innstilling frå administrasjonen. 

For ytterlegare informasjon, sjå:  https://www.regjeringen.no/contentassets/adb571dd3e90470b973e00cbc3de536a/tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonsordning-april-2021.pdf

Korleis søke om støtte?

Søknad sendast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no på følgjande link 

Søknadsfrist
28/05-2021 

Anna informasjon

  • Opplysningar som gis i søknaden vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleglova.
  • Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.

Kontaktperson
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Ingeborg Skjølingstad på tlf . 40 40 54 78 eller
post@bokn.kommune.no