Eit minne for livet!

Jardar Havikbotn Intervju med Endre Øvrebø, medseglar under The Tall Ships Races 2017 – «Fullriggaren Sørlandet»

Bilde: Endre Øvrebø, klar for eit nytt eventyr.

Av Anne E. Askeland

Det har snart gått eit år sidan Endre Øvrebø søkte om å få vera medseglar via Bokn kommune, under The Tall Ships Races 2017. Då me intervjua han då han mønstra av den flotte skuta «Sørlandet» var han tydeleg i si sak:

- Eg vil svært gjerne delta att, om sjansen byr seg!

Christian Radich

Ikkje før tenkt så gjort: I oktober/november 2017 søkte han plass som medseglar for 2018, utan at mor og far hans visste om det. Han og syskenbarnet Teodor Øvrebø (Rennesøy) ynske seg muligheten til å få vera med om bord på same skuta dersom dei fekk plass. Og plass fekk dei. Begge gutane fekk plass under årets The Tall Sahips Races 2018 og BEGGE skal om bord i same skuta.

Og hald dykk fast: Gutane skal mønstra på, ikkje ringare enn Christian Radich. Og som vel kjent er; Christian Radich legg til kai i Føresvik onsdag 25. juli klokka 09 om morgonen. Endre skal mønstra på i Esbjerg, Danmark og skal vera del av livet om bord dagane fram til skuta legg til kai i Stavanger torsdag 26. juli. Denne dagen mønstrar han av att  – full av nye minner.

Søk plass

Bli medseglar, oppfordrar Endre Øvrebø. Jardar Havikbotn Endre har fått medseglarplass på eige, privat initiativ i 2018. Han vil svært gjerne ha med fleire ungdommar – særleg frå Bokn og oppfordrar lokale ungdommar til å søkja plass via kommunen si ordning for 2018. Hugs søknadsfristen 26. april 2018.

- Du lærer mykje om det å vera på sjøen, å gjera skikkeleg arbeid - det er ikkje noko «Kjære mor» om bord. Du lærer god arbeidsmoral og det er absolutt viktig for både ungdom og vaksne, seier Endre entusiastisk.

- Og du møter mange, nye kjekke folk. I morgon, sundag 22. april, skal eg faktisk møta ein av dei eg mønstra på med i fjor; han kjem innom meg her på Bokn og det tykkjer eg er utruleg kjekt.

Les også reisebrevet Endre skreiv i fjor; god fornøyelse! 

God tur, Endre!