Klar for ein utfordring?


I sommar kan du, nok ein gong, segla ein etappe i The Tall Ships Races!

Bokn kommune ynskjer også i 2018 å bidra til at unge boknarar kan få oppleva å vera ein del av livet om bord på ei seglskute, dette i regi av The Tall Ships Races Stavanger 2018. Stavanger kommune skal i år vera vertshavn for regattaen. Ungdom mellom 15- 25 år vert oppfordra til å søkje. Det vil verta trekt 1 deltakar blant søknadane som oppfyller søknadskriteria.

(NB! Kommunen ynskjer å tilrettelegge for å kunne sende 2 medseglarar. Dei økonomiske rammene for dette er foreløpig ikkje klare. Oppdatert info kjem.)

 

Send søknad til anne.elisabet.askeland@bokn.kommune.no innan 26.april 2018.

Søknaden innehalde:

  • ∙Fornavn
  • ∙Etternavn
  • ∙Adresse (søkjar må ha adresse i Bokn kommune)
  • ∙Mobilnummer
  • ∙E-post adresse
  • ∙Fødselsdato ≠Hvis du er under 18 år, krev deltakinga som medseglar godkjenning av foresatte. Akseptbrev blir sendt ut på eit seinere tidspunkt..
  • ∙Språk (norsk, engelsk, andre)
  • ∙Kort beskrivelse av korleis nettopp DU vil representere Bokn kommune, godt samarbeid og godt sjømannskap, på ein god måte under seilasen. 

 

Kven kan søkje om å vera med?

Alle kan vere med – du treng ikkje å ha seglarerfaring frå før, men må være ved normalt god helse.

Når og kor kan eg segla?

I 2018 seglar The Tall Ships Races i Nordsjøen. Medseglarar frå Bokn vil delta på etappen frå Esbjerg i Danmark til Stavanger (20.– 28. juli). I alt 7 døgn, 5 til havs og 2 i vertshavnen (i tillegg ei overnatting i Esbjerg 20.- 21. juli før utseilingen).

The Tall Ships Races organiserer transport til og frå vertshavnene, og det vil vera vaksne kontaktpersoner i vertshavnene, som fylgjer opp deg og andre medseglarar frå regionen ved behov. Du er ansvarleg for å fylgje god skikk og bruk om bord, og å opptre ansvarleg under havneopphaldet.

 

Kva skute kan eg segla med?

The Tall Ships Races vil finne den skuta som passar best for deg. Det vil blant anna verta tatt hensyn til alder, kjønn, tidlegare seglarerfaring osv.

 

Kva kostar det?

Som medseglar betalar du ein eigenandel på kr. 3 000,-  for reise til og frå vertshavnene, samt kost og losji om bord på seglskutene. Eigen reiseforsikring er påkrevd. Resten av kostnadene blir dekka av kommunen og The Tall Ships Races 2018.

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt på 95 94 59 08 eller på anne.elisabet.askeland@bokn.kommune.no

(For informasjon om The Tall Ships Races Stavanger 2018 og medseglarprogrammet: www.tallships.no. Det er verd å merke seg at ein, på eige initiativ, kan søkje plass direkte hjå arrangøren.)

 

 

NB. Med forbehold om endringar!