The Tall Ships Races 2018

Christian Radich til Bokn 25. juli.

Me ynskjer DEG hjarteleg velkommen til folkefest i Føresvik 25. juli!

Bilde: Christian Radich til Bokn 25. juli - foto: radich.no

Av Anne E. Askeland
 

Føresvik hamn som Cruise-in-Company-hamn 25. juli!

The Tall Ships Races er eit årleg internasjonalt arrangement for segltrening som blei gjennomført for fyrste gong i 1956. Undervegs frå Esbjerg til Stavanger blir skutene inviterte til å besøkje skutearrangement i mindre hamner langs kysten.

Desse arrangementa knytter kontakt mellom skutene og regionens befolkning, og skaper inntekter for skutene frå skutearrangement og medseglardeltaking. Skutene betaler ingen hamneavgifter, og dei enkelte hamnene tilbyr ei rekkje aktivitetar for besøkende skutemannskap.

Norske Cruise-in-Company-hamner er Lindesnes/Båly, Sirevåg, Tananger, Skudeneshavn, Bokn, Finnøy, Jørpeland og Sandnes. Danske hamner er Thyborøn og Hirtshals.

Ungdom, 15-25 år 

Arrangementet blir administrert av Sail Training International (STI) som har hovudkontor i Portsmouth, England. STI er registrert som ein ideell organisasjon med medlemmer over heile verda.

Eit av hovedmåla til STI er å bidra til å utvikle og utdanne ungdom mellom 15-25 år gjennom segltrening, uavhengig av nasjonalitet, kultur, religion, kjønn eller sosial bakgrunn.

Dei fire offisielle vertshamnene i 2018 er:

·         Sunderland (England): onsdag 11. – lørdag 14. juli (regatta til neste havn)

·         Esbjerg (Danmark): onsdag 18. – lørdag 21. juli (Cruise in Company til neste havn)

·         Stavanger: torsdag 26. – søndag 29. juli (regatta til neste havn)

·         Harlingen (Nederland): fredag 3. – mandag 6. august

Medseglar frå Bokn

Skuter - så langt auga kan sjå!I 2017 reiste Endre Øvrebø som medseglar med skuta «Sørlandet». Endre mønstra på i Finland og fekk ei heil veke i Østersjøen om bord i den flotte skuta. Bokn kommune vil også i år jobbe for å få sendt 1-2 medseglarar i henhald til medseglarprogrammet. Meir info kjem.

For å pirre reiselysta legg me ved reisebrevet Endre skreiv då han mønstra av att.