Dreneringsarbeid

Ottar Borgenvik i gong med gravearbeidet. - Klikk for stort bilete I slutten av juni blei terrenget rundt kårhuset på Laupland seinka 20-30 cm. Huset kjem nå betre fram og vatnet skal styrast vekk. 

Bilde: Ottar Borgenvik i gong med gravearbeidet. Foto: Arvid Sæbø

Museumsstyreleiar Arvid Sæbø fortel at dette er i tråd med planen som er laga i samband med redningsaksjonen av bygningen. Det har også vore ei nyleg antikarisk oppmåling av huset.

I neste månad går dei i gong med det nye taket. Kårhuset skal også gjerdast inn.

Muren kom godt fram etter arbeidet. | Fotograf: Arvid Sæbø Dreneringa er spesielt godt før vestsida. | Fotograf: Arvid Sæbø Sørsida etter arbeidet. Ei stor rot gjenstår. | Fotograf: Arvid Sæbø


Meir info kjem.