Antikvarisk oppmåling

Jardar Havikbotn I arbeidet med å vurdera skjebnen til kårhuset på Laupland, blei det denne veka gjennomført ei antikvarisk oppmåling.

Bilde: Bygningsantikvar for regionmusea i Rogaland, Kirsten Hellerdal Fosstveit og styreleiar i Bokn bygdemuseum, Arvid Sæbø, framfor Kårhuset på Laupland.

Bygningsantikvar for regionmusea i Rogaland, Kirsten Hellerdal Fosstveit fortel styreleiar i Bokn bygdemuseum, Arvid Sæbø, om arbeidet med antikvarisk oppmåling av Kårhuset. Jardar Havikbotn Arbeidet blei gjort av bygningsantikvar for regionmusea i Rogaland, Kirsten Hellerdal Fosstveit, på bestilling frå Haugalandmuseene.

Styreleiar for Bokn bygdemuseum, Arvid Sæbø, som førre helg hadde med seg ein gjeng og rydda huset til denne oppmålinga, er svært glad for den gode hjelpa me har fått og får frå Haugalandmuseene. 

- Eg håpar me finn ei god løysing for å ta vare på denne delen av Bokn si historie, seier han, som er i dialog med grunneigar om rydding, drenering og gjerding rundt huset, i tillegg til ein liten grusveg opp til dei gamle husa frå Arsvegen.

Les også:

Kårhuset på Laupland

Alt er mogleg

I følge konservator Grethe Paulsen Vie i Haugalandmuseene vil rapporten til Kirsten Hellerdal Fosstveit vera ein god reiskap i arbeidet med å vurdera bygningen, tilstanden og bygningshistoria og om det er mogleg å redda /restaurera huset.

- I utgangspunktet er alt mogleg. Ting blir eit prioriterings- og kostnadsspørsmål, seier Kirsten Hellerdal Fosstveit, som i rapporten vil koma med ulike alternativ til kva som kan skje med huset. Ho legg til at alderen på huset gjer det ekstra interessant. Haugalandet har mange hus frå 1800-talet, men ikkje frå 1700-talet.

Arvid Sæbø og Ottar Borgenvik frå museumsstyret vil gå i gong med prosjekt-platetak nå i etterkant av den antikvariske oppmålinga.

Bilder av Kårhuset, 1952, 1968 og 2001 (Foto: Karmsund folkemuseum/Haugalandmuseene)

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete