Akutt redningsaksjon

Fv. Ottar Borgenvik, John Olav Lillesund og Arvid Sæbø konstaterer at Kårhuset på Laupland treng ein akutt redningsaksjon.

Nytt platetak på Kårhuset på Laupland skal hindra bygningen frå å rasa saman.

Det historiske huset har vore i søkelyset sidan driftsavdelinga ved Haugalandmuseene tetta eit hol på vestre takside på tampen av 2016. Nå er det austsida som har blitt offer for vér og vind. Museumsstyret i Bokn, i samarbeid med Bokn kommune og Haugalandmuseene lagar i desse dagar ein plan for ein akutt redningsaksjon.

Rask konklusjon

9. mars var det befaring på Laupland, med besøk av driftsleiar ved Haugalandmuseene, John Olav Lillesund. Arvid Sæbø og Ottar Borgenvik frå museumsstyret og underteikna frå Bokn kommune. Konklusjonen blei klar etter få minutt:

Ein plass inne i huset står det innskrive eit årstal på 1740-talet.

Her må det settast opp eit platetak for å berga det som bergast kan, der ein får gode utstikk på alle sidene slik at ikkje vatnet treff huset. Ein ev. restaurering av huset må vurderast seinare.

- Her må me ta affære så snart som me kan, sa styreleiar Arvid Sæbø, som også er tømmermann og blir byggeleiar for prosjektet.

- Ja, her er det ingenting å venta med, skyt Ottar Borgenvik inn.

Det er disponible fondsmidlar til eit slikt arbeid, m.a. eit fond etter Ole Laupland, som i si tid gav Kårhuset til museumsformål i Bokn kommune. Lillesund frå Haugalandmuseene vil hjelpa til slik at arbeidet blir gjort på rette måten.