Ordførarkandidatane svarar

Osmund Våga Ukjent

 

 

 

 

Med mål om at usikre veljarar blir sikre på kva dei skal velja ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 9. september, vil ordførarkandidatane svara på spørsmål knytta til kommande politiske fireårsperiode. Her svarar Osmund Våga (50) frå Bokn Sp.

Kva slags politisk bakgrunn har du?

Eg har vore med i Senterpartiet i rundt 20 år. Medlem i Kommunestyret i to periodar.

Har vore styremedlem i diverse organisasjonar, Sp, Bondelaget, Austre Bokn Bygdalag.

Kvifor bør du bli ordførar i Bokn til hausten?

Fordi eg vil gjera ein god jobb for kommunen og innbyggarane. Eg er opptatt av at Bokn skal vera ein god plass å bu og driva næring, med gode kommunale tenester og eit rikt kulturliv.

Er flink til å finna løysingar, sjå moglegheiter heller enn problem. Eg har ein variert bakgrunn, jobba som ingeniør og bonde, i Noreg og utlandet. Var med og starta Bokn Bygdeservice, har drive gard og vore medeigar i restaurant og catering.

Kva er dei viktigaste sakene for deg i kommande periode, og kvifor?

- Sørga for gode kommunale tenester til innbyggarane. Det er viktig både for dei som bur her og for at fleire skal velja og flytta til Bokn.

- Bidra til at det blir fleire arbeidsplassar/næringsutvikling. I tillegg til å sørga for gode vilkår for dei næringar me har her, må me også vera opne for nye moglegheiter: Turisme, service, digitale tenester, fjernarbeid.

- Arbeida for ein jevn auke i folketalet, spesielt barnefamiliar, det er viktig både økonomisk og for å sikra aktivitet i kultur og idrett. Her må me sørga for at det er eit variert utval av tomter og bustader tilgjengelege for dei som ønsker å busetta seg på Bokn.

- Sørga for at Bokn kan fortsetta som eigen kommune så lenge innbyggarane ønsker det.

Kva er dei viktigaste investeringane for kommunen dei kommande åra?

- Bygga ny skule.

- Vidare utbygging av veg og vatn der det trengst.

- Bidra til å oppretta fleire arbeidsplassar.

- Investera i dei tilsette, det er den viktigaste ressursen kommunen har.

Kva er dei viktigaste utfordringane for Bokn framover?

- Økonomi: Det vil muligens bli innstrammingar for småkommunar, så me må driva effektivt.

- Kvalitet på tenester: Her må me sjå på samarbeid med andre kommunar og kjøp av tenester det er vanskelig å kunna levera på eiga hand.

- Folketal: Me bør bli litt fleire, spesielt barnefamiliar, for å kunna oppretthalda gode tenester og aktivitet i kommunen.

- Arbeidsplassar: Me bør få fleire arbeidsplassar, både firma og sjølvstendig næringsdrivande. Her kan kommunen hjelpa til med regulering og tilrettelegging av næringsområde.

Kva for eit/kva for nokre parti er naturleg å samarbeida med etter valet? Kvifor?

Me i Sp samarbeider greit med alle. I ein liten kommune som Bokn er det viktig at ein kan samarbeida på tvers av partilinjene for å finna gode løysingar.

Bokn Sp sitt valprogram 2019 (PDF, 299 kB)

Sigmund Alvestad, Bokn KrF svarar

Lene Ognøy Foss, Bokn H svarar

Kyrre Lindanger, Bokn Ap svarar