Ordførarkandidatane svarar

Med mål om at usikre veljarar blir sikre på kva dei skal velja ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 9. september, vil ordførarkandidatane svara på spørsmål knytta til kommande politiske fireårsperiode. Her svarar Lene Ognøy Foss (41) frå Bokn H.

Kva slags politisk bakgrunn har du?

Har i inneverande periode sete i Formannskapet og Kommunestyret. Var også med i utvalet for å bygga ny sjukeheim, som nå er opna.

I tillegg er eg med i utvalet for bygging av ny skule og i Samarbeidsutvalet (SU) for skulen. Arbeidet med ny skule finn eg både lærerikt og spennande.

Kvifor bør du bli ordførar i Bokn til hausten?

Fordi eg har eit brennande engasjement for samfunnet på Bokn og vil menneska som er tilknytta Bokn det aller beste.

Eg ønsker å vera til stades for innbyggarane og næringslivet, og jobba for eit tett samarbeid med nabokommunane. Auka folketalet og sikra gode arbeidsplassar i kommunen og nærområdet.

Representera kommunen på ein positiv og trygg måte gjennom å vera personleg til stades, men og gjennom media og digitale kanalar.

Ønsker å vera med og påverka og bidra til at Bokn blir ein endå betre plass å bu gjennom heile livet.

I tillegg er det på tide at Bokn igjen får ein kvinneleg ordførar, då det er 20 år sidan sist! 

Kva er dei viktigaste sakene for deg i kommande periode, og kvifor?

- Bokn Høyre vil pressa på Fylkeskommunen slik at vedtatt budsjett i fylket om billigare bussbillettar blir gjennomført. Dette betyr at f.eks. Kystbussen blir eit aktuelt alternativ på lik linje med Kolumbus sine ruter.

- Nærvær på medmenneskelege nivå, nærvær til eigen familie, nærvær til servicebehov, som butikk, bibliotek og kommunesenter er viktige element for å lykkast med at folk held seg friske så lenge som mogleg. Eit viktig bidrag til dette kan vera eit aktivt samarbeid mellom skule og eldreomsorg.

- Bokn treng fleire arbeidsplassar, og dette vil me jobba for. Det vera seg å legga til rette for utviding av eksisterande verksemder og ikkje minst å legga til rette for nyetableringar.

- Stadig fleire besøker Bokn med bubil og båt. Høyre vil jobba for at fasilitetane i Føresvik blir lagt endå betre til rette for denne typen turisme. Høyre går inn for at det blir lagt til rette for eit servicebygg med fasilitetar for tømming av toalett, dusj og vaskemoglegheiter.

Kva er dei viktigaste investeringane for kommunen dei kommande åra?

- Den viktigaste investeringa er å få innlagt vatn til alle husstandane i Bokn.

- Bygging av ny skule er også eit stort løft for boknasamfunnet. Ein av dei viktigaste tinga er å styrka innhaldet og auka aktiviteten i dei tilboda me allereie har i kommunen i dag. Samspel mellom frivillige, bedrifter og kommunen er viktig.

Kva er dei viktigaste utfordringane for Bokn framover?

- Ein av dei viktigaste utfordringane er å få fleire innbyggarar til å flytta til kommunen og skapa fleire arbeidsplassar. Til nå i år har me ei auke på 1,8%, som er ei positiv utvikling, og me må jobba for at fleire skal forstå at det er Bokn som er den beste plassen å bu.

- Me har valt å stå som eigen kommune gjennom folkeavstemming og vedtak i Kommunestyret. Mindre overføringar frå staten i åra som kjem betyr at me må tenka smart og spara der det er mogleg, men ikkje i så stor grad at det går ut over tilbodet og kvaliteten til tilsette og innbyggarar i Bokn.

Kva for eit/kva for nokre parti er naturleg å samarbeida med etter valet? Kvifor?

Føler me i Høyre kan samarbeida med alle parti i Bokn.

Det som er viktig er at dei folkevalde brukar tida si på å bidra i staden for å kritisera, og tenker det beste for kommunen på kort og lang sikt.

Ein kan ikkje alltid vera samde om alt, og når fleirtalet har bestemt, må me alle ta i eit tak og gjera det beste for boknasamfunnet.

Bokn H sitt valprogram 2019 (PDF, 5 MB)

Sigmund Alvestad, Bokn KrF svarar

Kyrre Lindanger, Bokn Ap svarar

Osmund Våga, Bokn Sp svarar