Ordførarkandidatane svarar

Klikk for stort bileteMed mål om at usikre veljarar blir sikre på kva dei skal velja ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 9. september, vil ordførarkandidatane svara på spørsmål knytta til kommande politiske fireårsperiode. Først ut er Sigmund Alvestad (72) frå Bokn KrF.

Kva slags politisk bakgrunn har du?

Eg starta i 1975 med å laga KrF-lokallag i Bokn, der eg har vore leiar dei fleste åra. Den første fireårsperioden var eg i Kulturstyret, så gjekk eg over til Skulestyret og var der til me slutta å ha skulestyre, det siste året som leiar.

Dei siste fem/seks periodane har eg vore i Kommunestyret og Formannskapet samt Eldre/brukarråd.

Kvifor bør du bli ordførar i Bokn til hausten?

Normalt er det dei største partia som har den beste oddsen til å få ordføraren, men alt er avhengig av styrken partia har i Kommunestyret og kven som blir einige. Dersom det blir aktuelt har eg alltid utført det eg er valt til, etter beste evne og boknarane sitt gode.

Kva er dei viktigaste sakene for deg i kommande periode, og kvifor?

- At alle innbyggarane får tilknyting til kommunalt vatn, fordi alle er avhengig av nok vatn og reint vatn.

- Å få ei god utvikling på område frå Knarholmen og sørover med kvileplass for tungtransport m/service m.m. Tungtransport-bilar har behov for kvileplassar. Pr. i dag er det veldig få plassar ein kan stoppa mellom Kristiansand og Bergen, og når tunellen er ferdig er det endå meir viktig å få ei rast før og etter tunellen.

- Kortare bussrute til vidaregåande skule i Haugesund. I dag køyrer bussen gjennom nesten heile Tysvær. Ein bør kunna få til ei rute som er minst ein halv time kortare.

Kva er dei viktigaste investeringane for kommunen dei kommande åra?

Bygging av ny skule og utbygging av vatn til alle.

Kva er dei viktigaste utfordringane for Bokn framover?

Å få nye arbeidsplassar i Bokn og nær Bokn og å få ein større vekst i innbyggartalet, både nyfødde og innflyttarar.

Kva for eit/kva for nokre parti er naturleg å samarbeida med etter valet? Kvifor?

Me i KrF kan samarbeida med alle i Bokn, fordi det er ingen fløyparti verken til høgre eller venstre som stiller i Bokn, for dei har eg meir problem med.

Bokn KrF sitt valprogram 2019 (PDF, 3 MB)

Lene Ognøy Foss, Bokn H svarar

Kyrre Lindanger, Bokn Ap svarar

Osmund Våga, Bokn Sp svarar