Du bur i ein Av-og-til-kommune!

I 2015 inngjekk Bokn ein samarbeidsavtale med alkovettorganisasjonen Av-og-til. Av-og-til tilbyr ein førebyggingsmetode som vi i kommunen tilpassar etter våre behov, ønske og idear.

Bilde frå nettsida til Av og til - Klikk for stort bilete avogtil.no

Saman jobbar vi for godt alkovett i situasjonar der alkohol utgjer ein risiko, eller der alkohol kan vere til ulempe for oss sjølve og andre. Alkovett handlar om å ha eit reflektert forhold til alkoholvanane sine, og om å tenkje gjennom om ein skal drikke, og kor mykje ein skal drikke i ulike situasjonar.

Alkoholbruk kostar samfunnet opp mot 100 milliardar kroner i året gjennom tapt helse og livskvalitet, sjukefråvær og kostnader til helse- og velferdstenester. Av-og-til samarbeider med kommunar over heile landet for å bidra til å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk i samfunnet og gjere kvardagen tryggare for alle.

Av-og-til blei etablert på Stortinget i 1981 under namnet AlkoKutt og har heile tida vore ein brei og samlande aktør på førebyggingsfeltet på tvers av både politiske og andre skiljelinjer. Bak Av-og-til står breidda av det frivillige Noreg, mellom anna frivillige organisasjonar, politiske parti og organisasjonar innanfor rus- og førebyggingsfeltet. Les meir på avogtil.no.

Samvær med barn og unge

Vi ønskjer at vaksne i kommunen skal ha alkovett rundt barn. Barn og unge fortener gode oppvekstvilkår med trygge, nærverande vaksne. Ein trygg barndom inneber at dei vaksne har alkovett. Det vil seie at dei vaksne, spesielt foreldre og besteforeldre, drikk null, eitt eller maks to glas alkohol når dei er saman med barn og unge, og at dei er klar over dei negative konsekvensane alkoholbruken deira kan ha for barn og unge.

Les meir på avogtil.no/barn [https://avogtil.no/tema/barn-og-unge/]

Ungdom

Vi ønskjer at ungdommane våre skal ha ei trygg og god ungdomstid, og at foreldra deira skal vere både kjipe og kjærlege. Foreldra er nemleg dei aller viktigaste førebyggjarane. Vi jobbar for å utsetje alkoholdebuten til ungdom, for at foreldre skal setje tydelege grenser for ungdom når det gjeld bruk av alkohol og andre rusmiddel, og for at russetida skal gjennomførast i kontrollerte former utan vald, overgrep, ulykker og andre problem knytte til rusbruk.

Les meir på avogtil.no/ungdom [https://avogtil.no/tema/ungdom/]

Idrett
Vi ønskjer at barneidretten skal vere ein trygg stad. Barn og unge har rett på eit trygt idrettsmiljø og eit støtteapparat som fangar dei opp dersom dei treng det. Det inneber at alle idrettsarrangement for barn er alkoholfrie, at idrettsklubbar i Noreg har retningslinjer for alkoholbruk som dei nyttar aktivt, og at støtteapparatet i idretten veit kva dei skal gjere dersom dei er bekymra for eit barn.


Les meir på avogtil.no/idrett [https://avogtil.no/tema/idrett/]

Båtliv

Mange nordmenn bruker store delar av ferien og fritida i båt. Vi ønskjer å bevisstgjere båtførarar om godt alkovett, for det skal vere trygt for både barn og vaksne å ferdast på sjøen og nyte båtlivet. Alkohol er ein medverkande faktor til mange båtulykker og drukningsulykker. Vi jobbar for at det skal bli færre alkoholrelaterte ulykker på sjøen, og for at befolkninga skal få kunnskap om kva konsekvensar alkoholbruk kan ha for sikkerheita ved og på sjøen.

Les meir på avogtil.no/båt [https://avogtil.no/tema/bat-og-badeliv/]

Helse

Godt alkovett bidreg til god fysisk og psykisk helse. Vi ønskjer at befolkninga skal ha eit trygt drikkemønster, og at dei skal vite om dei negative konsekvensane alkoholbruk kan ha på den fysiske og psykiske helsa vår både på kort og lang sikt. Generelt sett bør folk drikke både mindre og sjeldnare. Alkovett bør vere ein personleg strategi for alkoholbruk blant befolkninga – det vil bidra til betre helse.

Les meir på avogtil.no/helse [https://avogtil.no/tema/helse/]

Arbeidsliv
Vi ønskjer ein sunn alkoholkultur på arbeidsplassen. Dei negative konsekvensane for arbeidslivet viser seg som regel i form av ineffektivitet, auka fråvær og sikkerheitsrisiko. I tillegg har problematisk alkoholbruk negativ påverknad på både omdømmet, relasjonane og arbeidsmiljøet. Den største utfordringa, er at vi ofte ikkje snakkar om kvar grensene går for kva som er greitt, og kva som ikkje er greitt, og korleis vi skal handtere ugreie situasjonar.

Les meir på
avogtil.no/arbeidsliv [https://avogtil.no/tema/arbeidsliv/]

Trafikk

Vi ønskjer å førebygge ulykkar i trafikken. Grensene vi set for oss sjølve og andre, er svært tydelege. Likevel gjennomføres det mange turar i ruspåvirka tilstand kvar dag. For å redusere risikoen for skadar og ulykker er det nødvendig at nokre situasjonar er alkoholfrie, trafikken er ein slik situasjon. Vi har ingen å mista.

Les meir på avogtil.no/trafikk [https://avogtil.no/tema/trafikk/]

Graviditet

Vi ønskjer alkovett for den vesle. Når mor drikk, får barnet i magen den same promillen. Kroppen til barnet kan ikkje bryte ned alkoholen slik ein vaksen kropp kan. Alle organ hos fosteret kan bli påverka, sjølv av små mengder alkohol. Det finst inga sikker nedre grense, og norske helsemyndigheiter tilrår at gravide er heilt avhaldande under svangerskapet.

Les mer [https://avogtil.no/tips-og-rad/alkohol-og-graviditet-dette-bor-du-vite/]

Kontakt oss gjerne!

Vil du vere med og støtte opp om lokal alkoholførebygging? Alkoholførebygging er viktig både i trafikken, på sjøen, på sosiale møteplassar, i idrettsklubben, på arbeidsplassen og på arenaer der barn og unge ferdast. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å få vite meir om arbeidet vårt.

Av-og-til-koordinator i vår kommune: 

Miriam Berland
Psykisk helse- og rustenesta I Friskliv og meistring
Tlf: 40 41 05 70
E-post: miriam.berland@bokn.kommune.no