Handsaming av nye bygge-, delings- og plansaker

Bokn kommune har med verknad frå 1. september 2017 gjort avtale om at Karmøy kommune tek over all handsaming av nye bygge-, delings- og plansaker. 

Dette inneber at alle private reguleringsplanar skal sakshandterast av Karmøy kommune, medan politiske vedtak vert gjort av Bokn kommune.

Spørsmål om private reguleringsplanar skal stillast til servicetorget eller aktuell sakshandsamar i Karmøy kommune. Saker og andre dokument skal sendast Karmøy kommune. Utlevering av kart, nabolister og anna vert og gjort frå Karmøy kommune.

Kunngjeringar om planarbeid vert framleis å finne på nettsidene til Bokn kommune.

Besøksadresse: Servicetorget
Rådhuset i Kopervik
Statsråd Vinjes gate 25
Postadresse:  Karmøy kommune
Rådhuset
Pb 167
4291 Kopervik
E-post:

post@karmoy.kommune.no

Telefon:  Sentralbord:   52 85 75 00
Servicetorg:    52 85 75 10