Førehandsrøystinga starter 10. august 2023

Førehandsrøystinga til kommunestyre- og fylkestingvalet startar 10. august 2023

Val-logo - Valgdirektoratet Ukjent

Frå 10. august 2023 og fram til og med 8. september 2023 kan du førehandsrøyste til kommunestyre- og fylkestingsvalet.  I denne perioden kan du førehandsrøyste i heile landet.  På valdagen 11. september kan du kun røyste i den kommunen du er registrert som busett pr. 30. juni 2023.

I Bokn kommune kan du førehandsrøyste på følgjande stader:

Servicetorget:  mandag til fredag i tidsrommet kl. 09:00 - kl. 15:00.

Bokn folkebibliotek:  mandager i førehandsrøysteperioden (10.08.2023 - 08.09.2023) i tidsrommet 16:00 - kl. 19:00.

Førehandsrøysting frå utlandet:

Velgarar som bur eller oppheld seg i utlandet, kan førehandsrøyste frå 1. juli hos utenriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakarar. Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane om utenriksrøystegjeving. Meir om korleis dette gjerast og fristar for å røyste finn du her.

Dersom du oppheld deg ein stad i utlandet hvor det ikkje er mogleg å oppsøkje ein røystemottakar kan du førehandsrøyste ved brevpost. Les meir om brevrøysting her.