Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn frå 11. juli 2023Val-logo Ukjent Manntalet for Bokn kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget på Boknatun og vil ligga ute til ettersyn til og med valdagen 11. september. Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune og for å kunne røyste må du vere ført inn i manntalet. Manntalet for Bokn kommune er lagt ut til offentleg ettersyn frå og med 11. juli 2023 og du som røystar kan nå kontrollera eigne opplysningar og eventuelt be om retting av feil. Publisert av Åse Helen Alvestad Publisert 12.07.2021 14.58