Influensavaksine

Kommunelegen minner om at influensavaksinen er tilgjengeleg for alle ved å ta kontakt med legekontoret. Eigenandel er kr 50 - gratis dersom du har frikort. 

Vindmølle på Bokn

Bilde frå seatwirl.com - Klikk for stort bileteBilde frå seatwirl.com seatwirl.com Det har vore mykje omtale av ei mogleg plassering av ei vindmølle i sjøen ved Bokn. Eg kan opplyse litt om status på prosjektet.

Av ordførar Osmund Våga.

Dette er eit prosjekt som er i planleggingsfasen. Kommunen har ikkje hatt dette til behandling.

Firmaet som står bak dette, Sea Twirl, arbeider med ein konsesjonssøknad til NVE. Når søknaden er klar, vil alle få anledning til å komme med kommentarar og innspel, både til kommunen og til NVE.

Fordelar og ulemper

Då vil me i kommunen vurdere fordelar og ulemper (inntekter, arbeidsplassar, fiske, havbruk, turisme, miljø etc.), og komme med ei uttale om me går inn for dette eller ikkje.

Me politikarar i Bokn er i utgangspunktet verken for eller mot vindkraft. Alle prosjekt vil bli vurderte når me får dei inn til kommunen.

Me er positive til alle som vil få til noko i Bokn, og så får me vurdere konsekvensane opp mot kvarandre og finne ei løysing.