Politisk organisering

Lokaldemokratiet gir innbyggjarane høve til sjølv å velja dei lokale og regionale leiarane sine og gjennom det påverka den lokale samfunnskutviklinga meir direkte. Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar og skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde, og at vedtak vert sett i verk.

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Bokn er fire politiske parti representerte i kommunestyret, som har 17 medlemmer. Kommunestyret treffer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna fylgjer av lov eller delegasjonsvedtak (Kommuneloven § 6). Kommunestyret har møte 4-6 gonger i året. Osmund Våga frå Senterpartiet er ordførar i inneverande periode (2019 - 2023).

Formannskapet består av 7 medlemmer frå kommunestyret, og utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.

Forvaltningsstyret har 7 medlemmer valde for den kommunale valperioden  av kommunestyret. Utvalet arbeidar med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda, og er mellom anna fast utval for plansaker etter plan- og bygningslova.
Saker om dispensasjon frå kommuneplanen er delegert til forvaltningsstyret som planutval.

Kontrollutvalet skal føra det løpande tilsynet med forvaltinga i kommunen på vegne av kommunestyret. Her under å sjå til at kommunen har ei tilfredsstillande revisjonsordning. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at årsrekneskapen vert revidert på ein tilfredsstillande måte, sjå til at kommunen årleg vert gjenstand for forvaltningsrevisjon og sjå til at det vert ført kontroll med kommunen sine eigarinteresser i selskap.

Ordførar

Ordføraren i Bokn kommune er Osmund Våga. Han representerar Senterpartiet og er nyvald ordførar ved kommunevalet 2019.

Ordføraren ønskjer nær kontakt med innbyggjarane, både privatpersonar, firma, lag og organisasjonar. Han tek vel imot dei som kan tenkja seg å ta ein tur innom. Eller de kan ta kontakt på telefon 52752503/98296690 og direkte på epost: osmund.vaga@bokn.kommune.no eller til Bokn kommune post@bokn.kommune.no.

Varaordførar

Lene Ognøy Foss, Høgre

Epost: lene.foss@spv.no 

Tlf. 45036191