Kårhuset på Laupland

Kårhuset på Laupland er i svært dårleg forfatning.

Huset, som er ein del av museet på Bokn, er i svært dårleg forfatning. 

Taket byrja å rasa seint om hausten 2016.Driftsavdelinga ved Haugalandsmuseene tetta holet og området rundt rett før jul i fjor.

Dette konstaterer direktør i Haugalandmuseene, Mads Ramstand. Han fortel at driftsavdelinga ved museet i Haugesund på tampen av fjoråret tetta eit takhol og området rundt, etter at kulturkontoret hadde gjort dei kjende med at taket hadde byrja å rasa. Arbeidet blei utført samstundes med eit vedlikehaldsarbeid på huset ved sida; Røykstova, som Karmsund folkemuseum forvaltar. 

Svært dårleg forfatning

Me er takksame for at dei tok på seg dette arbeidet, sjølv om Bokn kommune er ansvarleg for drift og vedlikehald av museumsbygningane. Uansett er heile taket og bygget i så dårleg forfatning at det må gjerast noko viss ikkje huset skal rasa saman.

Viss huset dett ned, blir Bokn bygdemuseum ein stor museumsgjenstand fattigare, i tillegg til at Laupland-garden, som er spesiell med bygningar frå tre århundrer, vil mista det som representerer 1700-talet.

Frå Haugalandmuseene blir det opplyst at eit arbeid med å gjera huset i stand vil kosta om lag 1 mill. kr.