Strandryddeveka 2024

Det blir strandryddeveke i Bokn 6. - 12. mai.

Bilde av ordførar Egil Våge kledd i strandryddeutstyr og med storsekk. - Klikk for stort bileteOrdførar Egil Våge oppfordrar alle til å bidra til eit reinare Bokn i Strandryddeveka 2024! Jardar Havikbotn

Evaluering av fjorårets strandryddedag samt strandryddeerfaringar sidan 2017, har resultert i at me nå går over til å ha strandryddeveker i kommunen.

Eigne ryddeaksjonar

Privatpersonar, lag og organisasjonar, lokalt næringsliv hyttefolk, skule og barnehage, m.m. arrangerer sine eigne ryddeaksjonar - gjerne på denne tida, eller på andre sida av sommarferien. 

Ei lita gruppe frå familiespeidaren var nyleg og rydda strender i Steinsvikane på Are. Bokn Høyre hadde ein rydderunde “Rundt Nullen” for 1 mnd. sidan. Dei har også planar om å arrangera ein strandryddedag, og oppfordrar dei andre politiske partia i kommunen til å gjera det same.

Aksjonsregistrering

Det har også kome rapportar om private som tidlegare i vår har gjort ein innsats for eit reinare Bokn. Å få registrert ryddeaksjonane er viktig, slik at me får ei statusoversikt over den lange strandsona i kommunen. Du kan enkelt registrera ryddebragden sjølv på ryddenorge.no, eller melda inn til kulturkontoret, tlf. 98 22 15 08.

Bli med!

Bilde av ei lita gruppe frå familiespeidaren gåande mot Steinsvikane på Are. - Klikk for stort bileteEi lita gruppe frå familiespeidaren var nyleg og rydda strender i Steinsvikane på Are. Merete Alvestad

Me er glade for at Skanska og Bokn fiskarlag også i år er med på prosjektet. I løpet av neste veke vil Skanska ha ein aksjon i Skottehamn. Bokn fiskarlag vil ta for seg Sandvika og strekninga sør til Oksebåsen.

Ordførar Egil Våge oppfordrar alle til å bidra til eit reinare Bokn i Strandryddeveka 2024! Alt utstyr får du på Boknatun.

Registrerte deltakarar er med i trekninga av ekslusive strandrydde-Tskjorter og buffs. 

Avfallshandtering

I samband med strandryddeveka vil det bli containerar på Tåganes, Alvestadkroken og Føresvik. Mange nyttar seg også av storsekkar i strandsona, som i etterkant av strandryddeveka blir henta av Friluftsrådet Vest. Me har også andre gode måtar å kvitta seg med det marine avfallet, ta kontakt med kulturkontoret.

Hekkande fugl

Bokn kommune minner alle ryddarar om å halda seg unna område med hekkande fugl under strandrydding om våren. 
Me har tre verneområde i Bokn, der ilandstiging og ferdsel er forbode i tida 15. april til 1. august. Elles i året skal ferdselen gå føre seg slik at dyre- og plantelivet blir minst mogleg uroa eller skadd.

Dette er: 
- Nautøy, Longholmen og Bukkholmen naturreservat
- Brennevinsskjeret naturreservat
- Gåsholmen og Årvikholmen naturreservat

Meir informasjon om hekkande fugl