Status, Rogfast - E04 Bokn

Her kjem informasjon frå Statens vegvesen medio februar 2024.

Boknafjordtunnelen nord

Bildet viser borerigg oppstilt på stuff mot Kvitsøy, januar 2024. - Klikk for stort bileteBorerigg oppstilt på stuff mot Kvitsøy, januar 2024. Ragnhild Moastuen

Entreprenøren vår Skanska har utført sprengning i tunnelen frå mars 2023. I tidlegare entreprise var det sprengt tverrslag på to kilometer frå Arsvågen og ned til hovudtunnelen. Skanska kunne difor starta tunneldrivinga nede i kryssområdet og sprenger både mot Kvitsøy og mot Laupland/Vågshaug som er området der tunnelen kjem ut på Bokn. Med to tunnelløp så vil det sei at det frå kryssområdet blir sprengt på fire tunnelstuffar. 

I tillegg vart det i september starta med tunnelsprenging frå ute i dagen ved Laupland slik at totalt så utfører Skanska tunnelsprenging på seks tunnelstuffar i hovudtunnelen. Fram til medio februar er det i kvart av hovudløpa sprengt ca 2800 meter, dette er 30 % av den tunnellengda som Skanska skal utføra.

Veg ute i dagen

Bildet viser grovplanert dagsone, sett frå nord mot tunnelpåhogget på Laupland, 25.01.24.  - Klikk for stort bileteGrovplanert dagsone, sett frå nord mot tunnelpåhogget på Laupland, 25.01.24. Anders Friis

Ute i dagsona, det vil sei den 1,3 km lange strekninga frå tunnelpåhogget ved Laupland til der ny E39 kjem inn på eksisterande E39 ved Vågshaug, så er sprengningsarbeid ferdig. Det er utført gravearbeid og masseflytting og fylling i veglinja slik at den er om lag ferdig grovplanert. Det vil i desse dagar bli starta med knusing av steinmassar ved Laupland. Dette er massar som i hovudsak skal brukast i vegoverbygninga.

Av betongarbeid er det bygt ei 30 meter lang bru med breidde for fire felt, og ein kulvert som lokaltrafikken til Vågshaug skal gå i under ny E39.

Bruk av steinmassane

Bildet viser kulvert under bygging på Vågshaug. - Klikk for stort bileteKulvert under bygging på Vågshaug. Ragnhild Moastuen

Med unnatak av steinmassane som går til byggja den nye vegen, så blir alle massane frakta ut frå Arsvågen med lekter til forskjellige plassar:

  • HighComp ved Føresvik - næringsområde. Ferdig utfylt. Plastring i strandsona startar denne våren og blir ferdig sommaren 2024. 
  • Føresvik - bustadområde. Pause i utfyllinga på grunn av gyteperiode torsk frå 1. februar til 30. april. Ferdig våren 2025.
  • Husøy - havneområde. På grunn av gytestopp ved Føresvik så går no alle massane til Husøy.
  • I tillegg blir det også fylt ut for næringsområde ved Arsvågen.
  • Fylling for molo Knarholmen
     

Utfordring plast i havet

Bildet viser fylling og lastekai i Arsvågen - høst 23. - Klikk for stort bileteFylling og lastekai i Arsvågen - høst 23. Anders Friis

Det har seinare år skjedd ei positiv utvikling med mindre bruk av plast ved tunnelbygging. Ved bruk av elektroniske tennarar ved sprenginga er det berre koplingsboksar som er ei utfordring. Ved planlegging av Rogfast vart det utført forsøk med desse, og forsøka viste at det berre er nokre fåe prosentar av desse som ved utfylling i sjø vil flyta opp og inn på strender. 

Fram til no ser det ut for å vera godt samsvar frå forsøket til den mengde av koplingsboksar som vi finn frå Rogfast-aktiviteten. Sjølv om det er om lag som forventa, så er vi ikkje fornøgde med situasjonen, og jobbar difor saman med Skanska og leverandørar av sprengstoff for å finna løysingar som eliminerar denne miljøutfordringa. 

Koplingsboksane er lette å sjå når vi er på leit og ryddar. Vi utfører jamleg rydding, og både Skanska og mottakar av steinmassar Karmsund Havn hjelper til med rydding.

NB! Dersom nokon registrerar strandområder med koplingsboksane som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette. Kan f.eks meldast til rogfast@vegvesen.no

Framdrift

Skanska har ei bemanning på ca 250. Framdrifta har vore god og er i hovudsak i samsvar med planane som var laga i forkant.