SKA SEI!

Denne veka gir Bokn kommune ut boka SKA SEI! - Boknaforteljingar gjennom 400 år. Boka blir seld på julemessa.

Bildet viser boka lansert som årets julegåve. - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn

Det er historikar og forfattar Birger Lindanger som har samla 76 lokale segner og forteljingar som har levd i folkeminne frå generasjon til generasjon. May Jorunn Vatnaland har illustrert boka med 60 akvarellar, og underteikna har sett ho saman.

Mytisk univers

Forfattaren fortel at dei gamle boknarane levde i ei underleg verd stinn av troll, huldrer, haugkallar, heksar, uburar, sjøormar, attergangarar, kvednaknaurar, dødsseglarar og anna skrømt - krefter og makter dei trudde på og måtte forholda seg til. 

Mellom permane opplever du også mellom anna nedgangsholer, ekte halsbrann, færing og frieri og heftige bryllaup. Gjennom forteljingane om desse vesena, om dramatiske hendingar og underlege skikkar dreg boka deg med inn i eit mytisk univers folk levde i mest fram til vår eiga tid. 

Litteratur og informantar 

Birger Lindanger seier at mykje er samla gjennom tidene. Det eldste kan lesast i tingbøkene tidleg på 1600-talet. Viktige samlarar er Elisæus Vatnaland som har skrive ned mykje av det dei gamle fortalde, både foreldre, besteforeldre og legdefolk. 

Bildet viser fleire eksemplar av boka. - Klikk for stort bileteLokalt produkt for sal. Jardar Havikbotn

Amtsskulelærar Torkell Mauland samla sist på 1800-talet mykje av det ungdommar frå Bokn kunne fortelja, ikkje minst om hulderfolk. 

Forfattaren har også, gjennom arbeidet sitt med boknasoga, fått fortalt mange slike segner mellom anna av Målfrid Kro Trosnavåg, Ole Laupland, Albert og Magda Øvrebø og Olaug Hognaland. Heile 26 informantar er lista opp bakerst i boka.

Årets julegåve!

Klarar du ikkje å venta til julemessa på laurdag, er ho allereie for sal på biblioteket og på Boknatun. Prisen er kr 250. Du kan sjå i boka, slå av ein prat med forfattar Birger Lindanger - ja, til og med sikra deg eit signert eksemplar på kommunen sin stand i tidsrommet kl. 12-14 i Bokn Arena på laurdag.