Pårørandekonferansen 2024

Det blir pårørandekonferanse i Auditoriet 19. september kl. 16-21. Påmelding nedst i artikkelen.

Bilde frå Pårørendeprogrammet sin nettside. - Klikk for stort bileteBilde frå Pårørendeprogrammet sin nettside. parorendeprogrammet.no

Kva når partnaren din byrjar å gløyma? Når barnet du nettopp har fødd viser seg å ha ei funksjonsnedsetjing? Når du ikkje klarer å stå i jobb lengre fordi det er for krevjande å følgja opp dei gamle foreldra dine? Eller når du finn ut at son din ikkje har vore på skulen på fleire veker?

Dei fleste av oss kjem til å oppleva plutselege endringar og inngripande overgangar i livet. Årets Pårørendekonferanse set søkjelyset på korleis me kan finna gode vegar vidare og på korleis håpet finst sjølv når alt synest håplaust. Konferansen vil vises digitalt på storskjerm i auditoriet på Bokn Skule.

Konferansen har høg profesjonell standard, famnar breitt og har høg underhaldningsverdi. Blant foredragshaldarane er Else Kåss Furuseth, Trond Viggo Torgersen, Peder Kjøs og Dora Thorhallsdottir. 
Les meir om konferansen på Pårørendeprogrammet sine sider.

Stad: Auditoriet, Bokn skule
Tid: 19.september 2024, kl.16.00-21.00
Varaordføraren ønskjer velkommen.
Det vil bli mogleg å kjøpe mat frå skuleelevar ved Bokn skule som samlar inn pengar til skuletur.

Påmelding innan 16.september til:

Maria Hauen Våga, Kreftkoordinator, Bokn kommune 
maria.hauen@bokn.kommune.no

Miriam Berland, Friskliv og mestring, Psykisk helse- og rustenesta 
miriam.berland@bokn.kommune.no