Bokn kommune har kjøpt Føresvik 3
Vestbris
Av ordførar Osmund Våga
Dette er ein sentral og viktig del av Føresvik med mykje historie i veggane. Her har det i tillegg til bustad mellom anna vore meieri, post, telefonsentral og skipsekspedisjon.
No er planane at me kan bruke denne eigendomen til å utvikle Føresvik vidare som kommunesentrum.
Moglegheiter
Her er det tilgang til sjø, med brygge og strand, ein stor hage og ulike bygningar, inkludert sjøhus.
Det er mange moglegheiter; kafé, sosial møteplass, ungdomsaktivitetar, galleri, frivillighetssentral, pub, museum, kontorfellesskap, badstu, overnatting, etc.
Ta kontakt
Eg vil difor invitere representanter frå forskjellige lag og organisasjonar til å vere med i ei gruppe for å diskutere dette; mellom anna ungdomsråd, eldreråd, historielag, Røde kors, sanitetsforening og pensjonistforening, i tillegg til politikarar - litt på same måte som at me hadde ei gruppe som diskuterte plassering av dagsturhytta.
Dersom du kunne tenke deg å vere med i ei slik gruppe, gi meg beskjed, så kallar me inn etter ferien.
Utvikling i Føresvik er viktig for kommunen
Bokn kommune har fått innvilga 1 million kroner frå Rogaland fylkeskommune til prosjektet «Attraktive tettstader i distrikta». Prosjektet byggjer vidare på arbeidet som vart gjort i «Opplev Bokn» og blir gjennomført i samarbeid med Rogaland ressurssenter.
30. 06.23: Sonja Mikkelsen og ordførar Osmund Våga har signert kjøpekontrakten.
Ingeborg Skjølingstad
Deltaking i prosjektet er initiert av sentrumsgruppa; ei av gruppene som har jobba med arealdelen til kommuneplanen. Gruppa har klargjort og diskutert ulike utfordringar og framtidige moglegheiter i Føresvik.
Stadanalyse av Føresvik
Omega Areal har på oppdrag frå Bokn kommune utarbeidd ein stadanalyse av Føresvik i samband med prosjektet og peikar på fire mål kommunen bør fokusera på i Føresvik:
- Fokusere utviklinga inn mot sentrumet av Føresvik og tilby nye funksjonar og tenester
- Tilgjengeleggjere sjøfronten
- Hente fram historiske kvalitetar
- Prioritere god framkomst for gåande og syklande
Sjå heile stadanalysen under:
Stadanalyse Føresvik 2023 (PDF, 39 MB) (38,7 MB)