Ny ordførar

Egil Våge hadde sin første arbeidsdag som ordførar 25. oktober.

Bilde av Egil Våge på ordførarkontoret 25.10.23. - Klikk for stort bileteEgil Våge på ordførarkontoret 25.10.23. Jardar Havikbotn

-Det blir jo eit nytt liv, humrar den 57 år gamle elektrikaren då han blir spurd om korleis han trur det blir å vera ordførar.

-Det blir mykje nytt, i og med at eg kjem frå det yrket eg kjem frå.

Han kjem frå jobb som prosjektleiar elektro i Stavanger, byen han og familien budde i frå 1985 til 2018, då dei flytta til Øyrenfeltet.

-Det var alltid planen å flytta til Bokn igjen, seier han.

Gode arbeidskollegaer

Det var forresten på kaien, med nausta i Øyrenfeltet han blei «verva» til politikken. I dugnadsgjengen var dåverande ordførar Tormod Våga, som spurde om ikkje Egil Våge ville vera med i politikken.

-Eg tenkte det var ein god ide til å bli betre kjend med folk på Bokn og kva som skjedde i kommunen. Dessutan syntest eg dei hadde fått til så mykje positivt, som t.d. Bokn Arena. Så det heile virka interessant, fortel ein som med fire år bak seg i lokalpolitikken har hatt ein svært bratt læringskurve.

-Ja, men eg har veldig gode arbeidskollegaer, både i administrasjonen og blant politikarane, smiler han.

Senterparti-periodar

Bokn har nå gått inn i den tredje politiske perioden på rad med ordførar frå Senterpartiet. Ikkje berre det, Egil Våge er den tredje ordføraren på rad frå Våga.

Og dei som tenker at dei kanskje er i slekt, har rett i det. Egil Våge er firmenning til nemnde Tormod Våga og til Osmund Våga, som var ordførar i førre periode.

Motivert, lærevillig og løysingsorientert

Den nye ordføraren har gledd seg til å komma i gong.
-Det blir spennande, kjekt og ikkje minst veldig viktig å komma ut og bli kjend med mange nye folk og næring på Bokn og i andre kommunar.
-Og me blir aldri utlærd, det har eg lært.

Egil Våge vil vera mykje ute og vera synlege, men også prøva og få til ein fast dag i veka der folk kan treffa han på kontoret. Han vil lytta, ta imot innspel og vera løysingsorientert.

Inkluderande

Ordførar Egil Våge tar brillene på for første sak som ordførar under konstituerande kommunestyremøte, 24.10.23. - Klikk for stort bileteBrillene på for første sak som ordførar under konstituerande kommunestyremøte, 24.10.23. Jardar Havikbotn

-I kommunestyret vil eg inkludera alle, kjem det frå ein med eit roleg vesen.

Temperamentet bruker han på Viking stadion, eller ein fotballkamp på TV. 
-Fotball og politikk er lagspel, og me i kommunestyret får samarbeida så godt me kan.

Ny E39 og andre viktige oppgåver

Det er naturleg å få ein del like svar og prioriteringar med intervju av påtroppande ordførar dagen etter intervju med avtroppande ordførar.

Dette understreker at lokalpolitikarane har begynt på ei utvikling av Bokn, der Bokn skal vera ein god plass å bu og ha gode tenester.

-Det er viktig å få på plass ting som gjer at ungdom kan komma tilbake til Bokn og etablera seg, og at nye folk kan flytta til Bokn. Men det er ikkje enkelt å få fullført kommuneplanen når det er så usikkert med ny E39 Bokn – Bømlafjorden.

Vegval

Han siktar til høyringa av forslag til planprogram som Statens vegvesen har ute nå
-Dette er heilt klart ein av dei store og viktige sakene for Bokn, og eg føler at me jobbar i lag heile gjengen. Der må me stå på krava. Me kan ikkje godta at Statens vegvesen raserer samfunnet vårt. Der blir det ein kamp.

-Når me får ei avgjerd på eit god vegval for E39 over Bokn, klarar kommunen å jobba litt meir i fred med utviklinga som me har begynt på, seier ordføraren, som vil vidareføra den gode dialogen tidlegare ordførar Osmund Våga har hatt med Vegvesenet, for å få den beste løysinga for Bokn.

Han ønsker - i forkant av når Rogfast-prosjektet er ferdig - å ha klart at folk kan bu her og jobba i andre kommunar, og nemner Haugaland næringspark som eit eksempel.

Andre saker

Han snakkar om ny brannstasjon, vidareføring av Føresvikvegen frå Bokn Arena til krysset ved fyrlykta (Haugalandspakken), gamle Kyrkjebygd skule og nye bustadfelt.

Til sistnemnde ramsar han opp felta på «Plattingen» og nordaustover, og Sæbøstølane og Nyholmen i Føresvik.

-Kommunen sitt kjøp av Føresvikvegen 3 var eit strategisk og godt kjøp, og eg har stor tru på brei deltaking i planlegginga av eigedommen, avsluttar ordførar Egil Våge.

Lykke til med jobben!