Lys på Turstien

Med mål om å få prosjektet ferdig til hausten, tar ein sikte på oppstart i neste månad.

Bilde: På årets St. Hans-feiring fekk leiar i Bokn IL., Jørgen Nilssen (tv.), ein gåvesjekk på kr. 100.000 til prosjektet frå Sparebanken Vest. Ved sida av, ein like glad arbeidsgruppeleiar, Johannes Nilssen. Foto: Lene Foss

Leiar for arbeidsgruppa, Johannes Nilssen, er veldig imponert over den store velviljen blant sambygdingane og kallar det heile eit stort spleiselag. Eit godt døme er det kommande dugnadsarbeidet – med verdi på over kr. 600.000, som skal utførast av:

Johannes Nilssen (tv.) og Egil Ognøy under belysningstestinga 25. april. Helge Kristian Nilssen Odd Grønnestad
Artur Trosnavåg
Roy Olsen 
Ingolf Borgvald Are 
Annstein Vik

Sannsynlegvis blir det lyssetting på heile traséen. På traktorvegen frå kyrkja kjem det vanlege lysmaster med 45-50 meters mellomrom. Gjennom skogen i Føresvik  blir det 25-30 meter mellom mastene, som blir ca. 3,5 m høge. Her blir det kabel i bakken.

Samarbeidsprosjekt

Heile prosjektet er også eit godt døme på at sterke samarbeid mellom Bokn kommune og frivillige gir solide resultat. 

Finansiering
Spelemidlar: kr. 538.000
Bokn Idrettslag: kr. 350.000 (Her har SR-bank og Sparebanken Vest etter søknad gitt kr. 100.000 kvar)
Bokn kommune:

kr. 200.000

Lokale bedrifter: kr. 80.000
Spleis kr. 60.000
SUM kr. 1.228.000

 

Dei lokale bedriftene er: Arbeidsgruppa har bestått av:
Bokn Plast Anne E. Askeland 
HighComp Helge Kristian Nilssen
Bokn Eiendomsutvikling Egil Ognøy
Grieg Seafood Sigmund Alvestad
Ølen Betong Sigrunn Hole Hosaas
Nibe Jørgen Nilssen
Bokn Eiendom  
Mørenot