Influensavaksine hausten 2023

Det blir oppstart tysdag 17. oktober for influensavaksinering. Koronavaksinen er ikkje komen enno.

Du kan koma direkte på legekontoret tysdager og onsdagar mellom kl. 09:00 – 14:00, ingen timeavtale.

For influensa gjeld dette (som tidlegare) 

  • bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad
  • alle over 64 år
  • gravide i 2. og 3 trimester
  • barn og vaksne med risikofaktorar:
    • hjerte/kar-sjukdom (unntatt berre høgt blodtrykk)
    • kronisk lungesjukdom
    • diabetes
    • nyresvikt eller leversvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom
    • nedsett immunforsvar
    • alvorleg fedme
    • ved andre tilstander etter råd frå lege
  • alle tilsette i helse-og omsorgstenesta med pasientkontakt.

Koronavaksinen er ikkje komen enno

For korona gjeld dette (som tidlegare) også alle over 64 år eller som tilhøyrer ei risikogruppe som nevnt ovanfor. 

Merk at helsepersonell ikkje blir vurdert å trenga oppfriskningsdose av koronavaksinen pr. no. 

Pris

  • influensavaksinen kostar 200 kr (tilsette i helse-og omsorgstenesten i Bokn får denne gratis). 
  • koronavaksinen er gratis til alle i risikogrupper.