På sjølvaste kvinnedagen signerte fv. Daghild G. Alvestad frå Sanitetskvinnene i Bokn og kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad ein beredskapsavtale.
Jardar Havikbotn
Avtalen vidarefører det viktige arbeidet Bokn Sanitetforening har gjort i bygda i ei årrekke, og bidrar til eit avklart samarbeidsforhold og god samhaldning i beredskapsarbeidet.
Beredskapavtalen kjem innbyggarar, dei som oppheld seg i kommunen før, under og etter uønska hendingar og kriser, til gode.
Revidert avtale
Med den nye avtalen er den eksisterande avtalen med Bokn sanitetsforening i beredskapsarbeidet oppjustert.
-Me har mellom anna bygd avtalen på dei sårbarheiter kommunen har identifisert i sin heilheitlege risiko- og sårbarheitsanalyse, fortel leiar for Bokn sanitetsforening, Daghild G. Alvestad.
-Svært gledeleg og viktig samarbeid med det frivillige organisasjonslivet, seier kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad, og legg til at kommunen også har beredskapsavtale med Bokn Røde Kors.
Eit tryggare lokalsamfunn
sanitetskvinnene.no
Daghild G. Alvestad fortel at det i sanitetsforeningen er mange kvalifiserte kvinner som står klare når det uventa skjer.
-Fleire av oss har erfaring og kompetanse innan beredskap og å møta menneske i kriser. Me skal kunna stilla med 20 frivillige i løpet av ein time frå utkallingstidspunktet, seier ho, og ramsar opp ulike oppgåver dei kan bli sette til:
- Forpleiing til kriseramma, evakuerte eller hjelpemannskap
- Laga mat
- Skjerma/støtte til pårørande/uskadde
- Omsorg, bistå med å betena eit evakuerings-/pårørandesenter.
-Me håpar fleire har lyst å bidra, og me treng fleire frivillige. Sit nokon inne med ein vilje til å vera med og bidra - ta kontakt med oss, seier lagsleiaren, som også kjem med ei oppfordring:
Saman er me sterkast
-Det er den som tilfeldigvis er i nærleiken når katastrofen skjer, som reddar deg. Her i Bokn er me avhengig av meg, deg, naboen, vennen eller uvennen om noko skjer.
-Innsatsen dei første 20 minuttane kan vera avgjerande for om du overlever. Lær opp naboen, gå på førstehjelpskurs og engasjer deg i beredskapsorganisasjonar som Bokn sanitetsforening eller Bokn Røde Kors. Saman er me sterkast.