17. mai-program 2023

Programmet for årets nasjonaldagsfeiring i Bokn er klart.

Bildet viser 17. mai-komiteen ved Bokn kyrkje, med leiar er Egil Våge. - Klikk for stort bileteForvaltningsstyret er 17. mai-komite, også i år. Leiar er Egil Våge. Jardar Havikbotn

Komitéleiar Egil Magne Våge seier at programmet er tradisjonelt og innhaldsrikt. Det er mykje å gle seg til!

Nytt av året er at det står i programmet når dei ulike aktivitetane startar og kor dei skal foregå. Absolutt alt er nok ikkje med, men då får det eventuelt gjerast betre til neste år.

Fleire versjonar

Det fulle programmet inneheld både det detaljerte innhaldet, songar og bilde (4 sider). For dei som vil vera med å synga under togstoppen framfor sjukestova, så vil dei kanskje velja å sjå på berre songane (2 sider). Og for dei som berre vil ha detaljane, er det eit alternativ for dette også (1 side):

Fullt program 2023 (4 sider) (PDF, 2 MB)

Allsongar 2023 (2 sider) (PDF, 358 kB)

Detaljprogram 2023 (1 side) (PDF, 165 kB)

Og føretrekker du fullt program i papirform, kan du få dette på Coop Prix Bokn eller Boknatun frå måndag 15. mai.

Vel møtt til ein fin nasjonaldag!