Jodtablettar

sykepleien.no Dersom det skulle bli aktuelt: Bokn kommune har jodtablettar på lager til alle opp til 18 år, til dei som er gravide, eller som ammar.

I tilfelle radioaktiv stråling kan inntak av metningsdose med jod beskytta mot kreft i skjoldbrukskjertelen. Skulle dette bli aktuelt i Bokn har kommunen jodtablettar på lager til alle opp til 18 år, til dei som er gravide, eller som ammar.

I ein slik situasjon vil kommunen raskt gå ut med informasjon om kvar og når du kan henta dosen din, fortrinnvis med SMS til alle som er i kommunen, supplert med informasjon på heimeside og sosiale medium.