Busetting av flyktningar 

pixabay.com Bokn kommune kan busetta 20 flyktningar frå Ukraina i 2022 og inngår avtale med Karmøy kommune om flyktningetenester. 

Formannskapet godkjende i møte 22. mars ei oppmoding frå IMDI (integrerings – og mangfaldsdirektoratet) om å busette til saman 20 flyktningar frå Ukraina i 2022, med bakgrunn i kommunestyresaka frå 15. mars

Kartlegging 

Bokn kommune er i gong med å kartlegga korleis ein kan ta imot 20 flyktningar på best mogleg måte. Kartlegginga dreier seg mellom anna om kapasitet i skule, barnehage, psykisk helseteneste og fastlege.  

Kommunen vil gå i dialog med frivillige organisasjonar og kyrkja med tanke på bistand til å integrera og ta vare på flyktningane.