Julegranstenning i ny drakt

Julegranstenning

Sundag 27. nov. skjer det på Boknatun. Det blir juleverkstad i allrommet kl. 15:45 og tenning av julegrana kl. 17:00.  

Initiativtakar Catharina Øvrebø seier til Bygdabladet at dei som vil vera med på juleverkstaden, må ta med ei saks. Og viss dei vil, kan dei også ta med eit glas - til å pynta (tomt syltetøyglas eller eit stetteglas).

Nissen er med

På juleverkstaden blir det også kakesal, nissebesøk og tenning av adventslys. Ute blir det sal av pølse i brød og gang rundt juletreet.

- Pengane som kjem inn skal gå til ein barneheim i Tanzania (der kor Henriette Lindanger jobba i fjor (PDF, 986 kB)), avsluttar Catharina Øvrebø.