Dei som får kortet, får også dekka følgande i eit frivillig lag/organisasjon:
- kontigent
- turar/leirar/cupar
Kortet gir også friplass i Bokn kulturskule. Friplassen gjeld eitt av kulturskuletilboda i løpet av skuleåret. Det skal kryssast av i søknaden om barnet ønsker friplass i kulturskulen eller ikkje.
Kortet, i fysisk og/eller digital utgåve, er personleg med namn og bilde. Det gir også fri tilgang for medhjelparar over 18 år, som er med barn frå 0-13 år.
Søknad
Kortet gjeld frå 1. juli til 1. juli neste år. Dei som har aktivitetskort i dag, må søka på nytt for neste skuleår. Trykk under for å søka:
Søknadsskjema
For å få aktivitetskort må forsørgar ha lågare inntekt, etter skatt, enn følgande:
| Einsleg forsørgar med 1 barn | kr 397 000 |
| Einsleg forsørgar med 2 barn | kr 488 600 |
| Einsleg forsørgar med 3 barn | kr 580 200 |
| Par med 1 barn | kr 549 700 |
| Par med 2 barn | kr 641 300 |
| Par med 3 barn | kr 732 900 |
| Par med 4 barn eller fleire barn | kr 824 600 |
- Arrangement i regi av Bokn kommune
- Bading i Tysværtunet badeanlegg og Karmøyhallen
- Bygdekinoen Bokn
- Kino i Haugesund, Karmøy og Tysvær
- Nordvegen historiesenter
- Vikinggarden Avaldsnes (inkl. Vikingfestivalen)