Bokn kommune, tverrfagleg gruppe for barn og unge

Gruppa skal jobbe med utvikling og kompetanseheving innanfor generelle emne som helsefremming og førebygging, mobbing og psykososialt miljø. I tillegg skal det kunne tas opp spesifikke problemstilingar knytte til enkeltindivid ved behov.

Dersom spørsmål gjeldande eit barn skal tas opp i gruppa skal dette gjerast etter samtykke frå foreldra. Foreldra skal da ha høve til å møta når deira barn blir drøfta.
Problemstillingar kan og bli tatt opp anonymt i gruppa. Å drøfte ei sak i gruppa gjeld ikkje som tilmelding eller bekymringsmelding. Gruppa kan gi rettleiing eventuelt råd om vidare tiltak til den som ber om det.

Foreldre kan ta direkte kontakt med medlemmene i gruppa når det gjeld uro/spørsmål relatert til sitt barn si utvikling eller trivsel.

I dei tilfella der det er tilsette i barnehagen eller på skulen som tar opp eit enkelt barn, er det fint om den som ber om drøfting stiller på møtet.

Representantar i gruppa pr i dag er:

Wenche Havikbotn, rektor skulen.

Grete Heimvik, psykisk helse barn og unge, tlf 40410570/52752536

Henriette Lindanger, helsesøster, tlf 93851409/52752543

Anne Ottem, styrar barnehage.

Målet for arbeidet i den tverrfaglege gruppa er å sikra best mogleg kvalitet på tenestetilbodet til barn og unge, samstundes som ein stimulerer til fagleg utvikling mellom dei tilsette.

Gruppa skal ha færrast mogleg – men faste medlemmer.

Det kan og vere aktuelt å trekkje inn andre ved behov: t.d. fysioterapeut, NAV, lærar, assistent, barne og ungdomsarbeidar, politiet og ev andre.

- Gruppa skal til vanleg ha møte annankvar månad. Hastesaker kan krevja at ein kallar inn til møte utanom møteplanen.

- Gruppa har ein leiar som har ansvar for å utarbeide saksliste på bakgrunn av tilmelde saker, og å kalle inn til møte.

- Referat frå møta skal sendast alle som er med i gruppa samt til rådmann, seksjonsleiar skule og barnehage, seksjonsleiar helse. Referatet skal innehalde konklusjon, ansvarsdeling og tidsfrist.

- Sakslista skal sendast ut ei veke på førehand.

- Leiarane av deltakande instansar har ansvar for informasjon til foreldre og nytilsette om gruppa. Informasjon kan gjerast ved foreldremøte og / eller skriftlig materiell. I tillegg skal det leggjast ut ein link på heimesida til Bokn kommune.

- Ein skil mellom tre typar saker:

  • Generelle saker – gjeld generelle emne som førebyggjande tiltak, miljø i skule/barnehage/fritid, rusproblematikk, vald og rasisme
  • Anonyme saker – meldar av saka ikkje barnet står på sakslista. Drøfting kring ei problemstilling som gjeld ein bestemt person men der namnet ikkje er opplyst (anonymisert). Om konklusjonen vert at denne saka bør meldast barnevernstenesta, PPT eller andre, skal ikkje denne saka drøftast anonymt i gruppa fleire gonger.
  • Namngitte saker – den som melder saka skal førebu og leggje saka fram for gruppa. Dette gjeld saker der foreldra har gitt skriftleg samtykke til at saka kan takast opp i gruppa. Foreldra har rett til å møte i slike saker. Den som melder saka har ansvar for tilbakemelding til foreldra dersom dei ikkje møter. Namn på vedkomande skal ikkje nemnast i innkalling eller referat.

Å ta opp ei sak i gruppa gjeld ikkje som melding til barnevernstenesta eller PP-tenesta. Der er eigne fastsette skjema som gjeld tilmelding til begge.

 

 

 

Artikkelliste